
Knut Hustad er fotografen som har teke dette flotte bilde, der
Ronny Haugen
hiv seg utfor frå Dalegubben og er på veg ned mot Sæbø, som vi ser
ca.1300 høgdemeter under.
Vinnarbilde vart utrekt frå ein einstemmig jury framfor andre svært gode bilder frå øverste hylle og gjer 1.plassen endå meir eksklusiv. I runde 3 var det også to andre bilder frå Hjørundfjorden som var med i tevlinga og fekk 2. og tredje plass.
Her er juryens begrunnelse:
Halvor Wøien:
”Med ski på beina i en storstilt natur som vi må ta vare på for
framtiden. Et flott komponert bilde der en nærmest blir dratt med i
skikjøringen”
Otto Motzke:
”Et spennende bilde som tar oss med på tur til et sted mange av
oss ikke har vært. Her får jeg som skikjører virkelig lyst til å være
med på turen! Dette er også et bilde som viser hvor viktig det er å
oppsøke unike situasjoner der du kan fortelle en hel historie med et
eneste bilde. Teknisk er bildet godt gjennomført og med en komposisjon
som fungerer bra. Samtidig som skiløperen gir fart til bildet gir de
bakenforliggende fjellene en flott ro… Alt i alt et bilde jeg kan
betrakte lenge – derav min favoritt!”
Vegard Ulvang:
”Motivet (naturen) skiller seg ut som det mest spektakulære.
Klimamessig illustrerer det den hvite snøen som kryper oppover
dalsidene. Man må i fremtiden lengre opp for å finne hvit vinter…”
Roger Brendhagen:
”Spektakulær natur, ekstremskikjører og en dyktig fotograf er
alltid en vinner! En perfekt komposisjon – og en lysmester fra oven
setter et verdig punktum på en spennende fotokonkurranse. Det er slike
bilder som får oss som liker å stå på ski til å glede oss til neste års
skisesong!”
Fredag 30.04.2010
Gratulerer Knut Oddvar Hustad – du er vinner av fotokonkurransen “Med
ski på beina” 2010! Premien – en komplett speilreflekspakke til en
verdi av 25.000kr – vil bli sendt til deg!
Helsing juryen
Gratulerer Knut (04.05.2010 kl. 20:59)
Et utruleg fint Bilete
Paul Rønning
Gratulerer (04.05.2010 kl. 09:12)
Gratulerer Knut, dette var ei fjær i hatten for både deg og Hjørundfjorden. Du har nå fått en glimrende sjanse til å bli Canonist.. ;-)
Svein Myhre
Tusen, tusen takk for gratulasjonar. (03.05.2010 kl. 18:11)
Det er vel slikt som ein seier, men dette var overraskande. Etter at eg har sett gjennom svært mange foto på denne konkurransen let eg meg kort og godt imponere over alle blinkskota. Og så vann eg..
Som eg vel har sagt tidlegare så må eg få takke brukarane av hjorundfjord.no som heilt sikkert var med å gjorde det slik at eg kunne vinne.
Det var då eg såg eit foto av Knut Riise her på portalen at eg tenkte på eit vinterfoto frå dette området - og slik vart det. Naturen på fotoet har imponert mange og det fine med å ta bilete så høgt oppe er at ein slepp alle desse kraftlinene. I tillegg kjem altså modellen - eller ekstremskikøyrar som han no vert kalla - Ronny Haugen. Det er berre å takke.
Turistnæringa er nemnt og sjølvsagt vonar eg at fleire tek turen til vårt område når dei ser foto som dette. Eg kan nemne at eg har fått e-postar frå dei som står bak denne konkurransen. Dei lurer på kvar ein finn slik natur. Det kan vel tyde på at PR-en frå Hjørundfjorden ikkje har vore god nok?
Som Knut Riise, Larsa-Knut, nemner er det ein flott premie eg får og i dag kom også det fine kompaktkameraet eg vann tidlegare. Når det gjeld hovudpremien til ein opplyst verdi på kr. 25.000,-så vil eg prøve å selje denne - ikkje fordi eg ikkje vil ha dette flotte fotoutstyret, men fordi eg brukar eit anna merke sjølv - Pentax. Med mi inntekt er det nok lite klokt å satse på to ulike merke. I tillegg til at eg nettopp har kjøpt meg eit nytt objektiv er det er vel lettare å få selje nytt utstyr. Eg kjem til å legge ut ei annonse på portalen.
Eg nemner likevel at eg har undersøkt ein del på nettet. Eg har funne ut - i tillegg til at dette er kvalitetsutstyr - at ein nok får kjøpt det aktuelle utstyret til kr. 20-21.000 kroner. Er det nokon som er interessert kan eg love at ein brukar av hjorundfjord.no evt. skal få kjøpe utstyret til nokre tusenlappar under den sistnemnde summen. Det er berre å ta kontakt. Og kva skal eg evt. bruke salspengane til?? Meir fotoutstyr til Pentaxen - sjølvsagt. :).
Knut Hustad
Kjempe bra! (02.05.2010 kl. 20:31)
Håper dette gir masse inspirasjon til andre. Tenk om man kunne endre polisien vedr. benytte helekopter til å transpotere skifolk opp til toppene. Hvilken potensiale dette hadde ført til for turistnæringen i området.
Kjartan Alnes
Strålande (02.05.2010 kl. 12:42)
Gratulerer, Knut.
Kjell-Johan Aarseth
(01.05.2010 kl. 19:40)
Gratulerer:)
Linda Stokke
Godt gjort, gratulerer (01.05.2010 kl. 15:01)
Bra premie også!
Knut Riise
Gratulerer Knut! (01.05.2010 kl. 07:27)
Eit suverent bilete, og knakande god Hjørundfjordreklame.
Du har fått fram det aller beste i ein storslagen natur. Ein fortent siger.
Sveinung Walseth
(01.05.2010 kl. 01:32)
høg kvalitet!gratulerer..
Frode Holen
Enkelt (01.05.2010 kl. 00:48)
Det er faktisk så enkelt at det beste biletet vinn. Her var Knut suveren. Biletet er perfekt. Gratulerer Knut.
Rune Sæbønes
Velfortjent seier (30.04.2010 kl. 19:03)
Gratulerer Knut, helsing Hilde og Ollen.
Hilde Muren
Gratulerer (30.04.2010 kl. 13:06)
Dette er stort Knut,som Ivar Svein skriver håper vi at turistnæringa drar nytte av dette.Har også sett de tidlegere at du har en egen evne til finne dei rette motiva på dine bilder.
Dagfinn Strand
Gratulere med topplaseringa. (30.04.2010 kl. 12:36)
Eit bilde som vi på portal og fastbuande i Hjørundfjorden ikkje har forstått omfanget av, fordi vi er vand med å sjå det kvar dag, men bilde har gjort eit kjempe inntrykk på folk frå andre kantar av landet, og dermed har du fått 1.premien i denne store fotokonkurransen.
Med dette bilde Knut, har du opna augene våre slik vi kan sjå oss rundt og virkeleg sjå kva slags verdiar vi har rundt oss. Håper at turistnæringa kan dra nytte av dette bilde i sin marknadsføring.
Gratulere Knut, med vinnarbilde, og eg er nesten like glad som du sjølv er!
Ivar Svein Mo