- Eg vart så skuffa i dagmorgon når eg oppdaga at redningsbøya ved småbåthamna og skiltet som Andreas har laga til elverampe-stien var borte, sa vedkomande som ringte administrator i dag.

Redningsbøya hang i festa som var fastskrua på veggen til dette skuret som står ved småbåthamna på Sæbø.
-Men heldigvis fann vi att både skiltet og redningsbøya ved rasteplasen lenger framme, men skiltet har fått skade. Det har vore eit eller anna som har gått føre seg natt til søndag, for det ser ut som einkvan har gått frå den ein til den andre plassen og flytta på alt som har kome i vegen, som hærverk på redningsbøya på skuret ved hamna og flytta på rasteborda langs vegen og rive av det solide skiltet som var skrua på trêet. Skiltet har fått skade, men kan kanskje la seg reperarere.

Andreas Hustad har laga skilt langs turstien som var skrua på trêet. Han har lagt seg flid i å få eit enkelt og greit skilt, men ikkje alle har sansen for at det skal få stå i fred. Dette er trist og leit seier innringaren.
Lat vi få behalde dei godene vi i fellesskap har fått til, er bøna frå vedkomande som ville være anonym.
Ungdom? (15.04.2010 kl. 13:47)
Er det ikkje 18 år på ølsalg.
Ungdom det vel? 18-30
Selg heller ølteltet og del pengene.
Utklipp frå avisa og Ølteltet hang vist på opplagstavla i kulturdepartementet etter deg eg veit.
Litt av ei gave til kulturen frå butikkene.
Perry Bjørke
Øltelt her og der??? (15.04.2010 kl. 11:46)
Den einaste gongen det vert sett opp øltelt i Sæbø er når det er Hjorundfjorddagane, og der har ikkje ungdomm tilgong.
Jonas Åmbakk
Grunneigar. (14.04.2010 kl. 23:56)
Det måtte vere en grunneigar det då.
Slik har eg haurt om.
Perry Bjørke
kan vere kven som helst (14.04.2010 kl. 22:33)
Då eg gjekk på barneskulen sette me opp ei natursti løype med 10 postar longs ei rås.Då tre av postanje vart vekk,vart det kryssforhøyr og beskulningar,frå lærarar og mylljå elevar i allje retningar i dagesvis.Men itte so tida jikk kom det på det reine at syndaren var nerare 60 eller 15
svein homberset
Forbyggende arbeid (14.04.2010 kl. 21:42)
Mange frivillige lag kan gjere meir med det forbyggende arbeid.
På dei møta eg har våre på har få av laga våre med.
Det forbyggende arbeidet må og begynne med foreldra.
Svar til Ivar Svein
Før var det dynamitt på dei fleste stabbur.
Bra det vart inndrege.
Mykje fin ungdom nå til dags.
Men og for mange øltelt her og der om sommeren.
Det er ikkje dei unge som set opp dei!
Perry Bjørke
Ei fillesak eller er det noko meir alvorleg ? (14.04.2010 kl. 14:47)
Er dette noko som er gjort i dei små timer av ungdommeleg galskap så stå fram og ordne opp, er mitt råd,til den som har gjordt det. Det einaste som er å frykte er nokre formanande ord frå dei voksne, og den som har gjordt det kan gå rakrygga utav det heile, og alt er gløymt etter kort tid.
Men skulle det være ein voksen som er frustrert og sint på sine omgivelsar som går rundt og gjer slikt, er saka med ein gong alvorlegare og skaper frykt. Vi har sett tendensar til slikt i bygda i den seinare tid og då er det ei sak for politiet å sørge for at det vert teke hand om vedkomande.
Men jøye meg, eg vil håpe at ikkje ungdommen idag går rundt med dynamitt i baklomma, slik Perry skriv han gjorde i si ungdomstid :-)
Ivar Svein Mo
Vi vil ha et trivelig Sæbø (13.04.2010 kl. 20:34)
Eg veit det var ein gjeng ungdomar ute på laurdag både frå bygda og utanbygds, eg hadde sjølv ein som var ute som eg har snakka med dette om. -Eg vil ikkje påstå kven som har gjort det, men uansett vil vi ikkje ha det slik i bygda. Eg vil at vi sei til ungdomen at vi må ta vare på det vi lagar til, og vi må tenke over tulle konsekvensane. -Vi har ungdomar som sit både i grendalaget og ungdomslaget som jobbar for ei betre bygd, så vi håpar dette var eit eingongstilfelle, og at ungdomen vår i bygda hjelp oss med dette. Det har i allefall vore hjelp i før blant anna på kapteinsvia. Så om det er ungdom eller halv voksne eller voksne som har gjort dette, håpar vi på at det ikkje blir ein vane.
Vi har hatt positiv erfaring før med ungdomen, og håpar på dette i framtida også.
Det er veldig greit at folk legg ut dette så ein får fokusere på det med ein gong slikt skjer.
Helsing ungdoms mor, som syns vi har ein kjekk ungdom , og håpar det fortsett:)
Elisabeth Å Dimmen
Martin Årseth Dimmen
Unge (13.04.2010 kl. 20:22)
Ungdom er no frå 12- 30 det
Det er no vel ikkje folk over 30 som gjer slikt?
Perry Bjørke
it's not the same anymore (13.04.2010 kl. 19:07)
i must say that i agree with jonas.on saterday(påske)Sagafjord whas open and from the first floor at the hotel,the video projektor has been stolen.last year people were stelen beer and wine from the kitchen.
this is done by adults.
Sæbø is in this case not the same anymore than 5 years ago .
Emile van Embden
(13.04.2010 kl. 18:15)
Det står ikkje noke om at det var noken unge som gjorde det! Berre fordi dei få som er unge på bjørke riv ned skilt, betyr ikkje det at vi frå Sæbø gjer det.
Jonas Åmbakk
Klart man blir trist når man ser slikt. (13.04.2010 kl. 12:06)
Det burde så klart ikkje vere slik.
Klart man blir trist av slikt men så lenge det finnes unge så man man regne med slikt.
Vi vil no gjerne ha dei unge her.
Foreldra prøver sikkert på beste måte lære barna/unge rett og gale slik dei alltid har gjort Eg håper at dei unge får klare rettningslingjer å gå etter.
På Bjørke har og skilt blitt ramponerte.
Vi får berre male det på nytt.
Dei unge har alltid funne på fantestreker og leven slik har det alltid våre.
Det einaste som har endra seg er at nå bruker ikkje dei unge dynamitt slik vi gjorde når vi var tennåringer.
Då fauk dassa til vers.
Vi må ikkje glemme at vi alle har våre kalver.
Ha tolmod med dei unge det er vår framtid.
Men ei oppfodring vil eg gi til butikkene.
Selg ikkje øl til mindreårige.
Les her:
Skremende lesing dette:
http://www.nrk.no/programmer/tv/fbi/1.4086676
Perry Bjørke