I møte i den kommunale Vilt- og innlandsfiskenemnda måndag den 1. mars vart det opna for at hjorten i Ørsta kommune kan fôrast med innkjøpt fôr med stønad frå det kommunale viltfondet. Til hjorundfjord.no seier leiaren i nemnda, Knut Skarbø, at viltnemnda sjølv ikkje skal stå for denne eventuelle fôringa, men at det no vert opp til kvart storvald å avgjere om dette skal gjerast.

056
Den kommunale viltnemnda opnar for at hjorten no kan fôrast med innkjøpt fôr med økonomisk stønad frå det kommunale viltfondet.

- På kva måte skal denne eventuelle fôringa skje, Knut Skarbø?

-
Først vil eg understreke at situasjonen er svært dramatisk for hjorten.  Viltnemnda får stendig inn meldingar om svært svak- eller allereie krepert hjort.  Mykje tyder på at flesteparten av dei svake dyra allereie har bukka under.  Det som viltnemnda no opnar for, er at dei livskraftige dyra som no er att kan hjelpast over kneike, dvs. siste delen av vinteren.  Dyreetiske omsyn må vere eit avgjerande punkt her.

Så over til spørsmålet ditt.  Det vert no opp til styra, evt. ekstraordinære årsmøter, i dei lokale storvalda å bestemme om hjorten skal fôrast eller ikkje. Vert det sagt ja til fôring må dette skje vekke frå offentleg veg eller t.d. vekke frå der rundballar vert lagra.  I praksis må fôringa skje i skogen eller ved ein skogsveg.  Fôret må også spreiast utover, dvs. heile rundballar skal ikkje leggast ut.

- Og kva skal det fôrast med?

- Det som vert tilrådd er rundballar, silo - også frosen silo - frukt og grønt frå butikkar og også litt høy.  I viltnemndmøtet kunne medlem Alf Kristoffersen fortelje om ein annan positiv effekt av slik fôring.  Fleire stadar t.d. på Vartdal/Vartdalstranda er hjorten ei stor plage i mange hagar.  Etter at nokre allereie har starta slik fôring som nemnt, har hjorten fjerna seg frå hagar.  Men igjen - det er viktig at desse fôrplassane vert lagt i god avstand frå hagar, veg, rundballelager osb.

- Men, Knut Skarbø, leiar i den kommunale vilt- og innlandsfiskenemnda,  dei siste åra har hjortestamma auka kollosalt.  Det er vel ikkje feil å hevde at hjorteveksten er ute av kontroll.  Hjorten et opp gras på beite og innmark til gardbrukarane, gras som skal brukast som vinterfôr til husdyra. Vi veit at hjorten øydelegg gjerder for store summar og gjev mykje ekstraarbeid til dei same gardbrukarane osb.  I tillegg må gardbrukarane/ grunneigarane betale pengar for kvar einaste hjort som vert skoten.  Og no når det endeleg kjem ein skikkeleg vinter der naturen sjølv kan rydde opp, ja, då vert opna for at desse pengane skal brukast til innkjøp av rundballar, altså husdyrfôr, som skal brukast til fôring av hjort slik at hjorteplaga kan halde fram.  Treng eg seie meir?

- Eg forstår kva du meiner og eg er mykje samd. Dei 15 - 18 siste åra har hjortestamma auka p.g.a. milde vintrar.  Men eg skal ikkje legge skjul på at viltnemnda har vore pressa lenge frå ulike hald, også frå politikarar og grunneigarar, om å seie ja til foring av hjort med økonomisk støtte frå viltfondet.  Likevel vil eg understreke at viltnemnda har stått imot dette presset.  Når vi no opnar for t.d. rundballeforing så skuldast det, som eg allereie har nemnt, den ekstraordinære situasjonen.  Det er viktig at dei livskraftige dyra får leve.

- Og du har fått med deg at Erling Meisingset, forskar ved Bioforsk  Økologisk, Tingvoll, i dag til NRK har sagt at det er alt for mykje hjort i Møre og Romsdal?

- Ja, eg har det og eg vil streke under at det er heile viltnemnda som står bak denne avgjerda, men det er som sagt opp til kvart storvald å bestemme om slik fôring skal gjennomførast.

- Du nemnde dyreetiske omsyn.  Vil det seie at vi kan ringje viltnemnda om vi ser hjort som lir og så forventa at det kjem jegerar og evt. avlivar denne hjorten?

- Absolutt, og vi vil kome raskt.

- Til slutt Skarbø - eg forstår at du er på ein flyplass på veg til ein velfortent ferie - kan vi gardbrukarar som har vore svært mykje plaga med hjort siste åra, forvente å få eit positivt svar om vi søkjer det kommunale viltfondet om støtte til gardgjerding p.g.a. øydeleggingane hjorten har gjort og gjer?

- Vi kan ikkje gje støtte til ei heil innegjerding av ein gard eller bygd, men skriv gardbrukarane ein godt grunngjeven søknad  om stønad til delfinansiering av gjerdeprosjekt/reperasjon av gjerde, så vil vi sjå positivt på det.

- Takk og god tur.

- Tusen takk.