Som dei fleste har fått med seg, har det store snøfallet dei siste dagane ført til ei rekkje vegstengingar på nordvestlandet. Lokalt i Ørsta/Volda er også fleire vegar stengde, blant anna Fv. 41 til Bjørke og Viddal. Den er stengd mellom Bueide-Skjåstad, då vegvesenet i går kveld stengde fleire vegstrekningar for natta. Tysdag morgon blei det ikkje opning klokka 8 som fyrst venta og det danna seg bilkøer på begge sider. No på føremiddagen blei det føretatt ei ny vurdering av Skitnefonna, som den rastrua staden heiter, og det er no kome beskjed på vegvesenet sine heimesider om at vegen er stengt på ubestemt tid. Beredskapsgruppa i Ørsta sit framleis i møte med vegvesenet og politi for avklaring. Vegane vert ikkje opna med det første.

Ordføraren har gjeve klarsignal for at innbyggjarane kan nytte skyssbåten M/S Hjørundfjord så lenge vegane er stengd. Til orientering er der båtavgang klokka 14.00 frå Bjørke i dag.

Båten kan nyttast gratis etter avtale med båtførar Oddvar Olsen. Kontakt: Tlf. 94806606

Rapport henta frå vegvesenet.no oppdatert: 16.03.10 11:05

Fv 41Bueide - Bjørke, Møre og Romsdal - Midlertidig stengt Stengt på grunn av fare for ras.

I tillegg er denne strekninga stengt:                                                              

Fv 41Leira - Viddal    Møre og Romsdal - Midlertidig stengt Stengt på grunn av fare for ras.

 

Fotograf Johnny Bjøringsøy nær teken av rasvind :

http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7042204