Eldrid Øye vart valt som ny leiar og skal ta fatt på ventande arbeidsoppgåver. I første omgang vonar ein å få på plass ein informasjonskiosk på eit område nær brua på Urke. Vidare vonar ein å få starte opp arbeidet med bade- og fritidsområdet Bøvika. Både Urke og Norangdal Grendalag samarbeider om dette prosjektet.

Eldrid Øye 2 (2)

Eldrid Øye overtek leiinga i Urke Grendalag

Vedtektene som vart handsama i årsmøtet, har ein formålsparagraf der det vert uttrykt at ein skal utvikle det sosiale, kulturelle, fysiske og næringsmessige grunnlaget i bygda og vere talerør i saker som grip inn i bygdefolket sine interesser.  Eit godt og aktivt bumiljø er ei viktig målsetting for grendalaget.

Medlemsparagrafen i vedtektene er svært open ved at utanom dei fastbuande innbyggarane, har hytteeigarar og andre som sluttar seg til grendalaget sitt formål, rett til å vere medlemer. Organisasjonsforma definerer grendalaget som ei sjøleigande foreining og er ein frittståande juridisk ”person”.

Bøvika juni 09 013

Opprusting av Bøvika bade- og friluftsområde er ei av oppgåvene for Grendalaget.

I tida framover vil det og bli arbeidd for å få til ein avtale med Ørsta kommune slik at Urke Grendalag kan bli eigar av grendahuset. Årsmøtet handsama og årsmelding og rekneskap som vart vedtekne utan merknader.

Den nyvalde leiaren får med seg desse i styret: Kåre Jon Berg, Johan Arnt Leknes, Nelly Urke og Per Urke.  Kåre Myklebust og Kjellfrid Prestegarden er 1. og 2. vara.