Ørsta kommune ønskjer å skaffe seg opplysningar om konsekvensane av ei flodbølgje frå eit framtidig ras frå Åkerneset. Utan pengar på bordet, får ikkje Ørsta eit komma gratis, brummar Stranda-ordføraren Frank Sve som har skaffa seg monopol på slike livsviktige opplysningar for naboane.  Eg kan hjelpe Ørsta kommune eit lite stykke på veg.

I eit leksikon finn ein slike opplysningar om ei av dei største naturkatastrofene som er kjent i Noreg:

”Tafjordulykka 7. april 1934 løsna Langhammaren, 730 meter over havet, og fall ned i Tafjorden.

Raset tok omlag 3 millionar kubikkmeter stein med seg ned i fjorden. Dette danna flodbølgjer som var opp til 64 meter høge. Folk vakna brått. Det var mørkt, og ingen forsto kva som skjedde før flodbølgja kom. Dei som budde nærast Langhammaren, hadde ikkje von om å kome seg i sikkerheit. Bølgjene var 16-17 meter då dei traff land. Både Tafjord og Fjørå vart rammet. 40 menneske omkom i ulykka.”

Johan Hustadnes

Johan Hustadnes var ein flittig dagbokskrivar.

Eg er så heldig at eg har fått tilgang til Johan Hustadnes (1902-81)  sine personlege notatar som han har kalla ”Minne frå livet mitt”. Han var fødd på Hustadneset, tok lærarskulen og var lærar i Hemne i Sør-Trøndelag og på Urke. Han skreiv dagbok gjennom eit langt liv og ut frå dagbøkene utforma han på sine gamle dagar dette notatet. I alt utgjer notatet 80 maskinskrivne sider. 

Med bakgrunn i vurderingane av konsekvensane av eit framtidig Åkernes-ras, vil eg sitere frå Johan Hustadnes sine notatar. Då raset gjekk, var han i Hemne og fekk opplysningar om det som hadde hendt gjennom radioen. Seinare fekk Johan snakke med far sin, Jørgen Hustadnes. I notatane skriv Johan:

”Far fortalde at han den morgonen stod nede i støa på Hustadnes. Det var heilt stilt, men brått kom sjøen to lunnerom fram gjennom støa. Då han så fekk vita om flodbylgja i Tafjord, skjøna han grunnen. langt merkast denne bylgja.”

Hustadnesstøa

Støa på Hustadneset vender mot nord. Det var her flodbølgja frå Tafjord fekk sjøen til å stige to lunnerom.

Til orientering – om det trengst:

Ein lunne er ein trestokk som ligg i ei båtstø. Lunnane ligg gjerne med vel ein meters mellomrom. To lunnerom er ikkje vere eit heilt eksakt mål for kor høge bølgjene var på Hustadneset denne morgonen. Det avheng av kor bratt støa er. Men 30 cm i høgdeskilnad er nok ikkje så langt frå verkelegheita.