Det ordinære årsmøtet til Sæbø IL starta den 4. mars, men det viste seg å vere umogleg for Lasse og dei to andre medlemane i valnemnda å finne kandidatar til dei to viktigaste verva i hovudlaget - nemleg leiar og nestleiar. Svært mange er kontakta, men ingen har sagt seg villig til å vere kandidatar, opplyser ein fortvila leiar i valnemnda. Lasse veit også at heller ikkje handballgruppa i Sæbø IL har fått leiar.
Sæbø IL har vore i den heldige situasjonen at både handballgruppa og hovudlaget har hatt dugande leiarar som har hatt verva i mange år, men Lasse forstår godt at desse no bed om avløysing. Han trur no at det er på tide at ein ny generasjon kjem inn og tek på seg desse leiarverva. Lasse er ikkje i tvil om at svært mange har både kunnskap og evner til å vere leiarar både i hovudlaget og handballgruppa. Dei nye leiarane vil også få med seg erfarne styremedlemar.
Formelt er årsmøtet som starta den 4. mars enno ikkje avslutta, men Lasse seier at Sæbø IL sjølvsagt ikkje kan vente i det uendelege før ei avgjerd vert teken. Han vonar difor at akuelle kandidatar tek kontakt med han snarast på tlf. 909 92412. Utan tvil er Sæbø IL eit viktig lag-/ein viktig organisasjon i Hjørundfjorden. Likevel skal ingen kvie seg for å ta kontakt, . - Dei vil få både støtte og og evt. kurs, avsluttar leiaren i valnemnda.
Kommentarar
Nestleieren skal rykke opp dersom en leiar blir sjuk eller av andre årsaker trekker seg ut av laget.(flytter o.l)