Dette var første året vi var med på dette jenteløpet. Det var 3500 stk. som var påmelde. Derfor blei det oppdelt i fleire klasser ( 40, 50, 60, 70 osv.) Eldste dama som var med for første gang var 87 år. Vi gjekk 15km. Og ein kunne gå 30 km. Eit nydeleg ver og flotte langrennløyper.
Unni Strandemann, Helga Mo Riise, Torill Årseth og Hildegunn Åm. Her har vi fått smørt skia og dei måtte prøvast om dei var iorden. viss ikkje var det berre å få smørt dei på nytt igjen.
Helga Mo Riise, Janneche Myklebust og Torill Årseth. Klar himmel og nydeleg sol. No er skia klar for bruk.
Janneche Myklebust og Åse Iren Årskog i rosa jakke ( frå Vartdal ). Her står vi på startlinja og det er like før start.
Her er Helga Mo Riise og Torill Årseth. Vi var so heldige at vi hadde ein buss som vi hadde alt utstyret i . Men her ser Torill noko betenkt ut. Var det noko du hadde gløymt å pakke ned? Ja ein treng meir enn ski når ein skal gå renn. Men det problemet blei fort løyst. Skistaver var råd å låne.
Kanskje det er nokon som har lyst å vere med neste år!!!!!
Kommentarar