Så nærmar det seg sesongslutt for handballen. Laurdag møtte jentene Meldal som ligg som nr. 2 på tabellen. Med andre ord topp mot botn.

Første omgong bar også preg av det. Lite fungerte og jentene vart litt lamma av Meldal sitt høge tempo og råe spel. Jentene er framleis litt for "snille", spesielt i forsvar.

Kampen starta jamnt og etter 8 min. var stillinga 4-5 før Meldal skrudde opp tempoet og stakk frå. Til pausa låg Sæbø/Åmdal under 9- 22 og det såg ikkje heilt bra ut..

Eg veit ikkje heilt kva slag vitaminar dei fekk i pausa men no vart det eit heilt anna spel. Jentene var mykje tøffare og etter 10 min. ut i andre omgang var stillinga 16- 24 og Meldal tok time-out. Etter dette jamna kampen seg ut og Sæbø/Åmdal var absolutt med. Sluttresultatet vart 26- 41.
(17- 19 i andre omgong).

 meldal1

Forsvaret  lak som ein sil i første omgang men i andre omgang har Kathrine fått eit godt tak på ein Meldalspelar. Torill og Liv Grete er også klar.

meldal2

Mykje bedre no sjølv om jentene fortsatt er litt for "snille". Marthe, Malene, Silje, Kathrine, Else Marie og Torill. Liv Grete i mål.

 

meldal14

Meldal var tøffe i forsvar og let ikkje jentene få noko gratis! Else Marie kjempar
godt.


meldal15

Og vart trykt i golvet inne i feltet. Denne gangen vart det straffe men vi fekk berre to.. (til samanlikning fekk Meldal 6).

meldal37

Dei fleste var glade for at dei fekk behalde drakta!  Å skuve med stive hender er vel heller ikkje lov..

meldal5

Malene greidde å gi Marthe ballen sjølv om ho blei holdt av tre Meldalsjenter.

meldal6

og Marthe kvitterte med å sette ballen i mål!

meldal9

Anette måtte også tåle ein tur på golvet og vi fekk dagens andre straffe.

meldal26

Og Malene..

meldal24

Liv Grete har "sloppe" ut av mål og går på med full innsats, Helene er klar til assistanse!

meldal27

og med god hjelp

meldal28

får også ho møte golvet  Skal tru kva ho tenkjer her?? Ser ut som ho ventar ei katastrofe...

 

meldal34

Mange fine angrep og ein flott andreomgang berga jentene sjølv om det vart tap.

Med på kampen var:

Elisabeth Skogen
Liv Grete Stokke
Silje Anette Sandnes 5
Malene Aambakk       7+1       1x2 min.
Torill Haugen Øye       1            2x2 min.
Anette Mork             
Sara K. Årseth
Else Marie Stokke       5            Gult kort
Helene Andreassen    1           1x2 min.
Marthe K. Takseth      4+1      1x2 min.
Hanne Stokke                            2x2 min.
Synnøve Eikås             1
Kathrine Brekke   
Karen Ose Lid

Raudt kort også til Roger. Beklagar dommarar men eg syns vi vart straffa mykje hardare enn Meldal!

Siste kampen for jentene i 3. divisjon går onsdag i Ålesund mot Kristiansund.