Ho som driv galleri "Galleri Gaalaas" får det betre til enn mange bygalleri, sjølv om det er i eit gamalt hus på ein gard som er noko vanskeleg å finne, alltid stappfullt hus der, folk kjem frå heile omlandet, ja, heilt frå Oslo.

Det syner at det er ikkje berre på Rekkedal at dei får det til utanom sentrum, har du eit serprega miljø og kan det du driv med,  så er det vist det same kvar du held til.

Men det var ikkje det eg skulle skrive om. Når eg stiller ut der , så er det alltid vanleg at ein  del folk med Hjørundfjord-røter møter opp, det er  mest etterkomarar etter desse som det var fror trangt for heime og så " emigrerte " dei til flatbygdene på Hedemark, der  fekk dei ålboge-rom og vart pionerar i pelsdrift på Austlandet.

Denne gongen hadde eg den glede at  Inge Karl Håndlykken opna utstillinga, ein verkeleg resursperson og   ein fin lokalpatriot,  som er  godt kjend og gjer mykje for miljøet der han bur, men denne kvelden vart det Hjørundfjorden for alle pengane, han byrja opninga slik :

" Eg er Hjørundfjording og oppvaksen i ein røvegard" , og så tok han forsamlinga med på ein Hjørundfjordtur så eg såg både smil og tårer, han var makelaus til å skildra fjord og personar, frå sine barndoms turar dit opp.

Han fortalde om då han var liten og dei reiste oppatt til Urke, det var ei Amerikareise, fyrst med tog til Åndalsnes, så med båt til Ålesund og så rutebåten til Urke, der stod slektningar og halve bygda og tok i mot, ein namnkjend kar på Urke hadde så høg røyst at han tok til å snakke med dei på 200 meters avstand, men dei høyrde alt han sa.

Vesle Inge var trengd for å gå på do, men det gjekk vist gale, for som han hermde tanta si, med ekte hjørundfjorddialekt og tonefall: " nei he du sett ennj slike påse ! Trur du ikkje han har skjite seg ut !!

Å kome inn på alt han fjetra forsamlinga med om Hjørundfjorden  denne kvelden vil føre for langt, men han fortalde slik om  ei hending frå krigsvåren i 1940, " Då kom det  ein dag  ein  ung gut gåande inn på garden vår, han heitte John Riise, han hadde fyrst vore innom Nordang sine og så fekk han spurd vegen til oss, han hadde vore i kamp med tyskarane og kome seg så vidt heilskinna unda, han var hjå oss ein fjorten dagar og han hjelpte oss å setje potetene ".

Eg har klarert dette med Ragna og fått stadfest at slik var det, ein liten detalj som eg hadde feil,  fekk eg retta på og ho hadde mykje å fortelje om denne hendinga.

Dette er nær Hjørundfjord-historie som no går i gløymeboka og også historiene om desse som slo seg ned på Hedemark og vart føregangsfolk der.


Kanskje noko som kunne takast opp på Portalen eller i Sogelaget ?

 

Sigmund Årseth

 

 

Meir om "Galleri Gaalaas", på Furnes og Sigmund Årseth kan ein lese her:

http://www.ostlendingen.no/ringsaker-blad/arseth-tilbake-pa-galleri-gaalaas-1.4167201