No lyt eg med ein gong vedgå at eg ikkje visste kva dåm var for noko før kunstnar Sigmund Aarseth nemnde ordet for meg. Og for evt.  andre som heller ikkje veit, kan eg opplyse at som forklaring på ordet dåm står det m.a. slik i ordboka mi: utsjånad, hamlet ha frisk dåm.

For å forklare litt meir kva Sigmund har gjort i den nye storstova til Rekkedal Gjestehus i det siste, kan det vel å ein måte samanliknast med å tapetsere stova før ho vert teken i bruk.  Men Sigmund - og ikkje minst kona Ingebjørg - brukar ikkje tapet. Nei,det er  måling, penslar og sjablongar er arbeidsreiskapen deira.  I alle fall, den nye storstova skal få ein fin utsjånad - ein fin dåm.

002
Sigmund skriv her kloke ord frå Ivar Aasen ned på ein mal og etter kvart vert desse orda overført til ein dragar oppe under taket.  (Ingressfoto).

Og kva let Sigmund seg inspirere av når han dekorerer i den nye sdtorstova? Ja, sei det, men han vedgår at han har sin eigen signatur.  Han nemner også landet Frankrike, han har ordet tradisjon i bakhovudet og han fortel at han denne gongen har late seg inspirere av vestlandsk karveskurd.

007b
Sigmund Årseth med eit døme på vestlandsk karveskurd.

Undervegs med arbeidet på Rekkedal har Sigmund nytta seg mykje av sjablongar - sjablongar som han har teikna sjølv, men som stort sett er skorne ut av kona Ingebjørg og gjestehuseigar Margrethe Rekkedal.  No ser sikkert mange på bruk av sjablongar som noko negativt, men Sigmund meiner bestemt at sjølv om bruken av sjablongar hadde si storheitstid på 1800-talet, så kan denne gamle teknikken absolutt vere aktuell også i dag. Og ikkje berre det, nye sjablongar kan absolutt gje eit moderne uttrykk.

029b
Ektemannen Sigmund har teikna denne sjablongen, men Ingebjørg har skore han ut i plast og her overført kunstverket til ei dør ved hjelp av gullmaling.

Sigmund forklarer også ein annan viktig fordel med bruk av sjablongar; resultatet kan bli fint og arbeidet går raskt unna.  Og det siste er ikkje minst viktig for når kunstnarar som Sigmund kjem inn i biletet for å setje prikken over i-en antan det er i eit restaurantlokale, eller t.d. i ein bar, er pengane ofte nesten brukt opp og tida er knapp før lokalet skal opne.

Det må også strekast under at Sigmund slett ikkje berre brukar sjablongar under arbeidet på Rekkedal Gjestehus.  Det meste av arbeidet han gjer vert gjort på frihand og han arbeider i eit imponerande tempo.  Sigmund har sjølvsagt tenkt på kva han skulle gjere i den nye storstova før arbeidet tok til, men han er slett ikkje redd for å gjere endringar undervegs.  Han peikar opp mot taket og fortel at tanken var at skyene skulle vere blå, men han såg snart at dei måtte vere gule. Og slik vart det.

021b
Sigmund såg straks at skyene måtte vere gule.

Sigmund påstår at han ikkje er så flink med ord, men det stemmer ikkje.  Han fortel t.d. at det arbeidet han gjer ikkje skal brikje - det skal ligge som ein bakgrunnsmusikk i salen - ja, Sigmund er oppteken av at dei skal lage ein sal.  Når gjestane kjem inn skal dei først og fremst legge merke til dei flotte lysekronene som Margrethe og Bjarne har kjøpt i Italia, den flotte kakkelomnen, det vakre flisgolvet med rosettane, dei fint pynta borda osb. 

016b 012b
På fotet til venstre har Sigmund mala gjesten som kjem til gards.  Til høgre ser vi kunstnaren i arbeid. Fargane på fotoa er dessverre på ingen måte gjengjeve godt nok.

Men som gentlemannen Siugmund er, understrekar han avslutningsvis at han på ingen måte er åleine om dekoreringsabeidet.  Kona Ingebjørg er som nemnt med, Tore Stokke og Erling Myklebust frå Inge Kolås AS (dette firmaet har også bygd huset) er f.t. hardtarbeidande målarar. Vertinne Margrethe står også no på slik at salen og nyehuset kan takast i bruk til påske slik som planlagt.  Og kva med Bjarne?  Jau, han likar seg godt som listemålar, påstår han.

004b 027
Tore Stokke(t.v.) og Erling Myklebust frå Inge Kolås AS

006b
Og Bjarne Rekkedal påstår at han har blitt ein kløppar til å grunne lister.  Til høgre ser vi litt av den vakre kakkelomnen.

Og til påske vert dei nye lokala til Rekkedal Gjestehus opna - også for enkeltgjestar.