Konkurranser er i tre runder og etter at juryen har plukka ut dei 10 bilda som skal stemmast på i kvar runde, har folk avgjordt med si stemme kven som vann runda, og no er runde 1 og 2 ferdige. Og i dag vart det offentleggjort kven som vann runde 2.

Og juryen skriv etter å talt opp stemmene:

"SKIGLEDE I MEKTIG NATUR: Vinnerbildet i 2.runde av "Med ski på beina" er tatt av Knut Oddvar Hustad

Vinnerbildet imponerte både juryen og ikke minst våre lesere som stemte det soleklart frem til en fortjent førsteplass. Kan vi spørre fotografen hvor bildet er tatt?" skriv juryen.

 

imgp9594_kopi1

Knut Hustad er fotografen som har teke dette flotte bilde, der Ronny Haugen hiv seg utfor frå Dalegubben og er på veg ned mot Sæbø, som vi ser ca.1300 høgdemeter under.

Råna 10.5.08 046

Fotograf Knut Hustad med  kameraet – og skiløparen på vinnarbilde Ronny Haugen.  Bilde er teke på Råna 10.05.08.  Foto: Olav Haugen

Juryen lurer på kvar bilde er frå, og folk vil nok forventar no, at Knut skriv inn og fortel at fjorden vi ser er Hjørundfjorden og tettstaden nedanfor er Sæbø.

På andre plass kom bikinidama i full fart gjennom isvatnet og var nok ein hard konkurrent og mange lurer vel ennå på om ho stoppa opp midt i vatnet, men etter det vi forstår så var det god margin til vinnarbilde. Fotografen her var Nils Erik Bjørholt.

Knut skal no konkurrere med  vinnarbildet fra første runde, tatt av Joakim Sorthe og vinnaren av tredje runde som ikkje er ferdigt ennå, men med innsendingsfrist 10.april. Deretter vert det utplukking dei 10 beste av juryen og så lagt ut for avstemming med frist 25.april. Når tredjerunde vinnar er kåra, skal juryen plukke ut finalevinnaren som har ein premie på fotoutstyr til 25.00.kroner.

 

Vi gratulerer Knut med 1.plassen som har eit kompaktkamera som premie.

Lukke til i finalen!