Som dei fleste av oss gardbrukarar no har fått med seg, skal slakterianlegget til Nortura/Gilde i Ålesund leggast ned om ikkje lenge. Husdyra våre må difor slaktast og skjerast ned ved anlegget i Førde.
Men korleis ser det ut i Førde?? Er anlegget i topp stand? Treng dei gode råd? Er det noko vi som eigarar og leverandørar må få kjennskap til? Alt dette og mykje meir får du vite om du blir med på ein hyggeleg fellestur til Førde.
Vi har fått melding om denne turen tidlagere, men få har meldt seg på. Dette må vi rette på og Odd Bjarne er sikker på at dette vil verte ein svært så triveleg tur. Ta med ektefelle/sambuar og meld deg på er oppmodinga til Odd Bjarne.
Kommentarar