Det har allereie blitt ein tradisjon - at i påskeveka opnar Margrethe og Bjarne dørene til Grindaløda, Vinstova,vinkjellaren og Iverstova.  Dei to vil då m.a. servere handmat og ein tre rettars middag der sjølvsagt lammekjøt er hovudingrediensen.

Grindlode006
Vinstove1
Det vert oppdekking i Grindløda som har plass til
50 personar
Oppdekking også i Vinstova med plass til 25 personar og Iverestov som tek 20 personar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilde 4

Vertskapet har no erfaring med å ha ope for individuelle gjestar i påskeveka og kan såleis love ein hyggelege kveld der ein nyt den gode maten og ikkje minst roa og samtalen. Dei kan også love at det ikkje vert musikk, men vert det for mykje varme frå den gode peiselden, vil sikkert lødegluggane verte opna og samtalen kan førast vidare med susen frå elva som bakgrunnsmusikk.

Rekkedal Gjestehus opnar dørene klokka 19.30  Det vil då stå hjortemòr, snøfrisk og heimebaka flatbrød på borda.  Middagen er sett saman av varmrøykt ørret, utbeina lam fylt med krydder og litt bacon - denne retten har vertskapet utvikla sjølve ilag med god  hjelp utanfrå og har etter kvart vorte ein spesialitet for gjestehuset - og til dessert vil det bli servert "Tilslørte-Bondepiker."

Framleis er det kanskje nokre som ikkje har vore innom Rekkedal Gjestehus og ikkje kjenner til historia.  Ingen problem, seier vertskapet, dei to viser gjestane gjerne rundt og fortel når det måtte passe i løpet av kvelden. Og i år har også Rekkedal gjestehus fått ei ny avdeling som skal brukast til selskapslokale og er svært så spesiell, med ein ny stor kakkelomn og veggar og tak som er dekorert av kunstnarparet Sigmund og Ingebjørg Årseth. Lokale har ikkje fått på plass alt inventar ennå, men gjestane som kjem denne kvelden vil få omvisning her også.

Vinkjellar

Rekkedal Gjestehus importerer sin eigen vin frå Italia

Som mange allereie veit, er det berre denne dagen i påskeveka Rekkedal Gjestehus har ope for bordbestilling og det er kun denne kvelden, dei som har vunne seg gåvekort ved forskjellige arrangement, som gjestehuset har sponsa, kan nytte gevinsten. 

Vertskapet ynskjer at dette skal være eit tilbod for bygda og tilreisande å treffe kvarandre. For at dei  skal få til ein vellukka kveld, ber dei om at det vert teke kontakt i god tid frå no og til og med palmehelga. 

Telefonnummeret til Rekkedal Gjestehus er (+47)952 22679, eller bruk e-post, klikk då her.

Nytt difor høvet no - ta kontakt og ting eit, eller fleire bord.  Vi ynskjer alle velkomne, seier dei


Pris pr. middag er kr. 390,- inkl. mva og noko og bite i.

Drikke kjem i tillegg.