Det er berre to månader igjen til 17. mai og alle korpsmusikantar veit kva det tyder. Då skal det marsjerast og spelast!

17. maitog

Men før den tid vert det mykje øving.

Korpsøving

Det er kjekt å øve, men det er også kjekt å få spele for eit publikum. Ekstra kjekt er det når ein får spele for eit publikum som set pris på korpsmusikk.

Generasjonkorpset inviterer derfor til korpskafé på Grendahuset laurdag 20. mars kl. 16.00 - 18.00.

Det vert sal av kaffi, kaker og smørbrød. Litt lodd vil vi også selje og gevinstane ber preg av at vi nærmar oss påske.

 Vi ønskjer alle velkomne til ein kjekk ettermiddag i lag med korps og gode korpsvener!

 

gras