Når Bondalselva tinar så skjer det på ei vesentleg anna og ganske dramatisk vis.
Vi vart tilfeldigvis merksame på isferda i elva då den passerte Aklestad i middagstida i dag , heiv oss i bilen og hasta avstad nedpå Hustadbrua.
Det buldra kraftig då is og vassmassane nærma seg brua , torde ikkje å stå midt på brua nei.
Store mengder is/snømasser pressa seg under brua.
Og dukka fram att på nedsida av brua.
Deretter er det strake vegen til sjøs.
Dette var ei flott naturoppleving å få med seg i dag , sterke naturkrefter i sving. Bileta er tekne med mobiltelefonkamera,og viss administrator ynskjer redigere litt på bilda så ville det vere OK. Bildebehandlinga her ekje ej så støde på.
Kan legge til at det etterkvart kom tilstades ein dyktig veterinær/værvarslar med kameraet sitt . Med hans gode auge for fine naturbilete så vil eg tru at det kan lønne seg å sjekke på nettsida til voldaveiret også om dette etterkvart.
Kommentarar
Eg la til to stikkord som vi kan bruke til liknande artiklar.
Vi ynskjer mange slike artiklar framover og telefonbilde er heilt ok.
ISMo
http://voldaveiret.no/htm10/3534.htm
Kanskje de kan linke inn desse i stykket ved høve?
Flott syn, mobilkamera er uendeleg mykje bedre enn ingenting. Takk for bilder og artikkel :)