Klikk her for filmsnutt: 

http://www.sunnmore.net/div/Filmsnutt%202010.wmv

Ikkje så mykje blod, kanskje eit skrubbsår eller to, men mykje sveitte har denne "film"-snutten kosta.  Vi som har gått på tur har likevel kosa oss nærast for kvar meter - sjølv i oppoverbakke.

Før du skruar opp volumet, må eg opplyse at eg diverre har gløymt namnet på to av fotografane til slutt i snutten.  Mine gode skivenner frå Sverige, Thomas Ahlberg og Josef Kællgården har også levert sine fotos til snutten. Roy-Magne Mo er igjen han som syter for at denne "filmframsyninga" let seg gjere.  Tusen takk. Og NB:  Det er no uvisst kor mange dagar denne filmsnutten vil vere tilgjengeleg.  Det kan difor vere klokt å sende ei melding til skivenner om denne lenkja snarast.

Snutten startar med at underteikna (t.h.) helsar på Torgeir "TK" Børve for første gong.  Dette er for å syne at til fjells treff du berre hyggelege folk.  Berre prøv.

Og til slutt: Tre fjell frå Volda kommune er også med.  Kan du nemne namna på desse toppane? (Det står Ørsta, men snart er Volda og Ørsta ei kommune likevel. :).

Nok prat.  Igjen - skru opp volumet og klikk her. (Det kan ta noko tid med bufring p.g.a. god teknisk kvalitet på fotoa)