Klikk her for filmsnutt:
http://www.sunnmore.net/div/Filmsnutt%202010.wmv
Ikkje så mykje blod, kanskje eit skrubbsår eller to, men mykje sveitte har denne "film"-snutten kosta. Vi som har gått på tur har likevel kosa oss nærast for kvar meter - sjølv i oppoverbakke.
Før du skruar opp volumet, må eg opplyse at eg diverre har gløymt namnet på to av fotografane til slutt i snutten. Mine gode skivenner frå Sverige, Thomas Ahlberg og Josef Kællgården har også levert sine fotos til snutten. Roy-Magne Mo er igjen han som syter for at denne "filmframsyninga" let seg gjere. Tusen takk. Og NB: Det er no uvisst kor mange dagar denne filmsnutten vil vere tilgjengeleg. Det kan difor vere klokt å sende ei melding til skivenner om denne lenkja snarast.
Snutten startar med at underteikna (t.h.) helsar på Torgeir "TK" Børve for første gong. Dette er for å syne at til fjells treff du berre hyggelege folk. Berre prøv.
Og til slutt: Tre fjell frå Volda kommune er også med. Kan du nemne namna på desse toppane? (Det står Ørsta, men snart er Volda og Ørsta ei kommune likevel. :).
Nok prat. Igjen - skru opp volumet og klikk her. (Det kan ta noko tid med bufring p.g.a. god teknisk kvalitet på fotoa)
Svar til Knut.. (10.03.2010 kl. 16:29)
Turisme Hjørundfjorden og elles i landet må springe ut av det levande på grasrot-nivå...
Toppar kan erobrast, men ikkje før ein veit korleis...
Difor må det grunnlande leggjast for levande lokalsamfunn.
Vere seg Sæbø, Bjørke eller andre stadar i Hjørundfjorden.
Det viktigaste er generasajonar som kan fortelje om nett ei utvikling som synast forsvinne...?
Det skjer fort!
Eksempelvis ser vi negative konsekvensar av mi "hjartesak."
I elva på Bjørke, på Øye og på Standal er det foreslegje totalforbod mot fiske i 5 år.
Bondalselva står for tur?
Pro. futurable...?
Helge Strand
Takkar og bukkar (09.03.2010 kl. 23:47)
Tusen takk for gode ord. Eg må innrømme at eg set spesielt stor pris på kommentaren frå verdsmannen og hotellmannen/kokken Emil (van Emden). For den som måtte lure, kan det opplysast at Vegard er modellen med raud bukse i "film"snutten. Lill er også ein eminent telemarkkøyrar. At ho ikkje er med skuldast sjølvsagt at ho siste året har opphalde seg på ei øy i Stillehavet....
Elles er dette eit reint dugnadsarbeid. Utan dei dei nemnde fotografane og utan dei ikkje nemnde, men framifrå modellane - ingen snutt.
Sjølvsagt takk til Svein J. og Helge også, men eg må tenkje litt på kommentaren din, Helge. :)
P.s.: Eg har enno ikkje fått svar på quizen min - er det ingen som kjenner att tre voldafjell?
d.s.:
P.s.2: Er det nokon i Hjørundfjorden som har ei hytte eller to ledig for utleige rundt påsketider trur eg jammen det at eg ville ha prøvd ei annonse på sida "Toppturar i vinterfjell". Det er mange som er innom den sida kvar dag.
d.s.
Knut Hustad
Kven tek utfordringa? (09.03.2010 kl. 21:04)
Kjempeflott film. Eg er sjølv fasinert av dei spektakulære fjella. Kanskje treng vi også filmarsnuttar frå bygdene i Hjørundfjorden.
Kven tek utfordringa?
Svein J. Urke
Gått ut på dato ? (09.03.2010 kl. 20:24)
Sunnmørsalpane er skjøne og tildragande, ikkje minst presenterte så vakkert pr. bilete som her.
Derom hersker ingen tvil.
Hjørundfjorden trenger ikke pr. status å vere til, men pro. futurable...
Realitene er at Hjørundfjorden fengar diverre færre, avdi bl.a "ekstrem-sportistane" skjønar at vi ikkje er borte vekk.
Vi i næraste sentrum.
Helsing frå "de 3 musketerer" som ikkje tek seg sjølv så alvorleg.....
Helge Strand
Fantastisk! (09.03.2010 kl. 16:24)
Utruleg flott film med fantastiske bilete - gler meg skikkeleg til å reise heim til påske. Håper på at det kjem litt nysnø til då..: )
Lill
Lill Haugen
Fiiiin Knut!! (07.03.2010 kl. 09:34)
Vil heimigjen på ski NOO!!
Vegard Flø
this is it (07.03.2010 kl. 03:46)
this is it!!!!
it's amazing knut,just beautiful.
i wish i whasn't so lazy and go with you,but than again you know this never happens :)
Emile van Embden