- Kvalitet har alltid hatt ein sentral plass i det daglege arbeidet til Einar Arne, seier TINE-rådgjevar geit, Steffen Nordang. - Topp kvalitet på råstoffet er ein forutsetning når vi skal lage geitosten Snøfrisk kvitost, seier meierisjef Bente Reklev ved TMV Ørsta. - Geitmjølka frå besetningen til Einar Arne er soleis særs verdfull for anlegget vårt, avslutter ho.

Einar Arne har sidan han tok over garden på Stennes etter foreldra i 1991, vore aktivt med i avlsarbeidet i fylket. Han har synt ei unik interesse for å søke ny kunnskap, m.a. som fôrvert for fleire forsøk og raskt omsett ny kunnskap i praksis. Han var ein av dei fyrste som såg og unytta i praktisk avlsarbeid samanhengen mellom arv og frie feittsyrer, og han tok tidleg i bruk blodprøver for å avklare kaseinstatusen til bukkekjea.

Einar Arne nådde ein topp som geitebonde i fjor i og med han oppnådde både sylvtina og beste bukken i landet kom frå han.  I slutten av april er han invitert til Oslo for å motta Sølvtine geit 2009 som einaste geitebonde i TINE Meieriet Vest. Sylvtina vil vere eit synleg bevis og velfortent heider for ein målretta fokus på kvalitet over fleire år. På årssamlinga i Hjørundfjorden produsentlag onsdag kveld 17, mars fekk han ein forsmak på kva som ventar i Oslo.

- Det er ikkje mange på landsbasis som greier 15 år utan eitt einaste feilskjer og oppnår sylvtine for framifrå mjølkekvalitet, og eg har inntrykk av at det er særs langt mellom kvar geitebesetning som greier det, var nokre av orda som fylgde med frå styremedlem og nestleiar i TINE Meieriet Vest, Ingunn Sognnes, då ho overrekte blomar på vegne av TINE og kolleger i produsentlaget.

EinarArne1_17032010 EinarArne2_17032010

Styremedlem og nestleiar i styret Ingunn Sognnes, TINE Meieriet Vest, overrekker velfortente blomer til Einar Arne Stennes for oppnådd  Sølvtine geit 2009.
Foto:Even Øverbø, TINE Rådgiving

Kumjølk leverandørane fekk også heider for kvalitetsproduksjon.

Produsentane i Hjørundfjord produsentlag har det siste året vorte ein av landest beste mjølkeleverandørar og dei som har levert best mjølk på Vestlandet i Tine Meieriet Vest sitt område. Dette vi sei 98% elitemjølk.

Dermed var det ikkje uventa at her vart delt ut 5 og 10 årsplakettar for kumjølk på dette årsmøte også.

Ein leverandør kan kun ta imot dei ulike plaketter/sølvtine, ein gong. Ein 5-årsplakett oppnår ein dersom krava til kvalitet er oppnådd på ei samanhengande 6-års periode. 10-års plaketten kan oppnåast viss 10 av 12 år har vore uten anmerkning og 20-års på 22 år.

Og kvalitetskrava er; Alle kvalitetsprøver må være kvalifisert til 1. klasse og rester av veksthemmende stoffer (medisinrester) skal ikke være påvist.
Fjøsstellet skal være alminnelig godt. Det må være produsert minst 7 månader i kvart år dvs. med Elite mjølk.

10-årsplaketten er ein plakett som har hengt høgt. Det er no fleire og fleire som greier denne kvalitetsplaketten og nerstleiaren i styret i Tine Meieriet Vest, Ingunn Sognnes, kunne fortelje at mjølka til meieriet er svært god her i distriktet, og fagrapporten fortel at mjølkekvaliteten på Sunnmøre er no av den aller beste i landet.

 

Åretsplakettvinnar 2010-1

Fv.: 5-års plakettvinnar ku-Stig Petter Rekkedal, 10-plakettvinnar ku-Åse Rørstad og Per Arne Saure, produsentlagsleiar Karl Asgeir Sæbønes, Sylvtinevinnar geit-(15 år) Einar Arne Stennes, 10-års plakettvinnar ku- Jørund Mo, 5-års plakettvinnar ku-Andreas Riise og nerstleiar i Tine Meieriet Vest Ingunn Sognnes som delte ut plakettane og blomster. Solfrid og Aage J. Solhaug fekk også 5-års plakett for ku, men var ikkje tilstades under utdelinga. Einar Arne fekk ikkje anna enn blomar i denne omgong, då han vert invitert til festutdeling i Oslo for å motta sylvtina, seinare. Foto Ivar Svein Mo

 

Heider også til dei to pensjonerte inseminørane.

Ilag med  svært gode og dyktige rådgjevarar var ikkje årsmøte i tvil om at dei to pensjonerte inseminørane, Olav Kjell Rekkedal og Per Steinsvik har ein del av æra i den gode mjølkekvaliteten som er oppnådd.

Dette ville årsmøte heidre dei med å gje dei kvar sin blomsterbukett. Olav Kjell for 43 år og Per for 29 år i tenesta for mjølkeproduksjonen. Dei to kvitterte med å fortelje om dei gode opplevingane dei har ved å reise rundt i distriktet å treffe folk i allslags vêr.

Inseminiørheder_1

Fv.: Olav Kjell Rekkedal, produsentlagsleiar Karl Asgeir Sæbønes og Per Steinsvik fekk blomar frå årsmøte med takk for eit trufast og samvittigheitsfullt arbeid dei har utført gjennom alle desse åra. Det vart framheva det gode humøret dei møtte med, når dei kom på fjøsen. Foto Ivar Svein Mo

 

Og tilslutt han som køyre den meste av mjølka frå Hjørundfjorden til meieriet i Ørsta:

IMGP6746_1_1

Mjølkebilsjåfør Frode Vatne (29) er ein blid og eit positiv innslag i bøndene sin kvardag.