Å gjere naturen tilgjengeleg.

Sjølve prosjektet går ut på å sette opp skilt som markerer starten av råsa, og forsiktig raudemerking som viser kvar stien går. Langs stien vil vi sette opp skilt med gamle stadnamn som er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er vi avhengige av å få med oss personar som har kjennskap og kunnskap om disse viktige verdiane.

 Turbilde Haldis 007

Døme på eit gammalt kulturminne, Andreas Hustad har vore flink til å ta vare på , å vise yngre generasjonar slike historiske skattar.
Dette har nok dei fleste lagt merke til på stien opp til Olavsdalen.
Naturfestivalen09 089
Den nye benken på usiktsplassen "Lisjesetra" , som Henrik Ville fekk på plass før familieturen til Olavsdalen under naturfestivalen-09. 

Prosjektet vart sett igong på forsommaren 2009, turar som inngår i prosjektet vil vere både korte og lange, enkle og meir krevjande.

Skilting og merking på eksisterande stiar, skal behaldast som dei er, som t.d. råsa til Olavsdalen.

 Turbilde Haldis 005

 

Rydding av reser.

Vi arbeider utifrå ein kommunal plan over merking av turstiar, dette inneber at vi må bruke fastlagde retningslinjer når det gjeld merkinga. Skilta skal vere av god kvalitet og vare lenge, Sverre Magnus Myrtveit har funne fram til skrifttype og han gjer også arbeidet med å frese ut skilta.

 Naturfestivalen09 021

Det kan etterkvart verte trong om informasjon om stiane i form av ei oppslagstavle, og vi planlegg også ei brosjyre med godt kart og omtale av turane.

I første omgong har vi konsentrert oss om dei sentrumsnære turforslaga som er viste til i den nye turistfoldaren frå Sæbø.

 

 Tua på Hustadneset.

Tua på Hustadneset-09 006

Råsa til Lissehaugen og Tua på Hustadneset vart godt rydda og merka for eit par år sidan av fam. Hustadnes, her har vi sett opp tilvisningspil med namn nede ved vegen, og eit retningsskilt lenger oppe i beitet som markerer starten på råsa inn i granskogen.

Tua på Hustadneset-09 031

Frå gammalt av er dette ei rås som kyrne på Hustadneset brukte til og frå beite, ved platået som heiter Lissehaugen er det planta ei tett rad med grantre, kalla Skridegarden, som skulle hindre kyrne å dette utfor hamrane. Skridegarden er lett å få auge på og er eit artigt kulturminne,nokre av granene vart rotvelte under nyttårsorkanen. Råsa går elles i variert terreng gjennom granskog og lauvskog med fleire flotte utsiktspunkt før den endar på Tua. Her kan ein sjå både framover Bondalen og utover Hjørundfjorden.

 Turbilde Haldis 014

"Skridegarden ved Lissehaugen"

 

Gunnarråsa med rundtur til Storenakken og Rise.

 Etter den "offisielle" opninga av Gunnarråsa i 2008, har det vore rekordstor utfart til dette området.

1bilde8

 Takk til Gunnar Stokke for alt arbeidet han har med rydding og vedlikehald av råsa, som har vorte så godt tilgjengelig.

Dette er ein fin rundtur som du kan starte og gå både frå Fonnvernet og frå Risebakkane. Råsa er raudemerka og vi har sett opp skilt som viser starten og ein del stadnamn. Den store utfordringe er å finne fonnetrygge stadar å sette skilta.

 Naturfestivalen09 022

Takk til Sverre Magnus Myrtveit som som har utforma og lagar skilta til oss.

Tua på Sæbøneset.

Under ein dugnad på initiativ frå bebuarane på Sæbøneset i fjor vår, vart råsa leitt fram og godt rydda for greiner og kratt. Her er ikkje sjølve stien tydeleg og det var nødvendig å merke så tett at ein ser frå merke til merke, i øverste delen av råsa er der ein del bratte sved.

Turbilde Haldis 011

Dugnadsgjengen!
Turbilde Haldis 009
To odelsgutar vernar om den gamle bytesteinen.

Råsa har vorte brukt av gardane på Sæbøneset og Flatneset når dei såg etter og henta heim dyr i fjellet, gamle tufter og steingardar gir oss virkeleg følelsen av å gå i gamle fotefar.

Turbilde Haldis 013

Her går råsa langs den gamle steingarden som var sett opp for å verne dyra.
Du kan skimte raudemerket midt i bildet.

Her har vore gjort eit godt arbeid med å hente opplysningar om gamle stadnamn. Skilt til markering av namna er under arbeid og skal komme på plass til våren. Utsikta når ein kjem opp kan ikkje beskrivast, den må opplevast.

 IMG_0066

Utsikta innover mot Skår og Viddal.

Turstiutvikling i nærmiljøet.

Arbeidet med dette prosjektet vil halde fram nokre år framover og vi set pris på innspel og gode forslag.

Vi har ikkje som mål å merke alle stiar i bygda, enkelte område bør få ligge urørde, der det vert opp til vandraren sjøl å finne vegen og målet.

Når det gjeld økonomien i prosjektet er vi avhengige av gåver og midlar, vi har til dømes fått friluftsmidlar frå miljøavd.. i fylket og gåvemidlar frå Sparebank 1 og Ørsta aktivum. Også private set pris på arbeidet vårt og støttar oss med pengegåver, vi takkar Kari Hame og Ann Marit Sæbønes.

I 2010 har vi fått tilsagn på midlar frå Gjensidigefondet og har inne ein søknad om prosjektmidlar frå Sparebank 1.

Dersom der er fleire som ønskjer å støtte arbeidet vårt, set vi stor pris på det.

Kontonummeret vårt er:39930414240

Vi har også mange enkeltpersonar som er villige til å legge ned tid i dugnadsarbeid, som å registrere dei gamle stadnamna, rydningsarbeid og få på plass skilt. Trimgruppa er svært takksame for støtta vi får.

Hovudformålet med merking og rydding av stiar er å fremje interessa for friluftsliv, at folk skal ha glede av den fine naturen vår og få trim på kjøpet. Det er også viktig at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og komme seg trygt fram til målet.

 bilde14

Eit bilde som viser turglede og god oppsluttning, tusen takk til alle som tek del på turane våre.

Vi meiner at vi med arbeidet vi gjer, er med på ei marknadsføring av bygda retta mot turistar., vi har så mykje å vise fram.

EIN GAMMAL STI SLUTTAR Å VERE STI OM INGEN GÅR DEN.

 

 Trimpostar.

Vi minner om at vi har fått utplassert vêrbestandige trimpostboksar med nye bøker i, på mange ulike turmål.

Vi set stor pris på at folk skriv namnet sitt i bøkene, og på denne måten ser vi at vi har motivert til auka turglede.

Vennligst ikkje bruk boksane til oppbevaring av anna enn den nye boka, då det lett fører til fuktskade på boka.

Frølandsetra-09 015 

Haldis viser korleis boksane og bøkene ser ut.
Turbilde Haldis 012
Ekte turglede- vist av Monika Flatnes.

 Det nye turkartet for Sunnmørsalpane.

Vi i trimgruppa har det nye turkartet til salgs for kr. 150,-

Ta kontakt med : Haldis Fiskå Mo, Bodil Skare, Hilde Sæbønes eller Arve Rødvik.

Vi ser fram til ein ny tursesong, etter 17 mai sartar vi oppatt med månagsturar.

God tur frå trimgruppa ved Haldis og Bodil