I artikkelen Eidskyrkjeplatået - Topp 1389 kan du lese meir om turen opp til Eidskyrkja frå Grøndalen.  Som Fred Ingar Somby nemner er der flotte langrennspor frå parkeringsplassen.  Gå etter desse spora og ta av til høgre straks du ser setra.  No er du på rett veg både mot Bygdaskaret og Eidskyrkja.

001 - Kopi
Her er setra i Grøndalen passert.  Bygdaskaret er dalsøkket til høgre, Eidskyrkja er fjellet til venstre.

Denne turen vart gått laurdag den 20.2.10.  Det var fine snøforhold heilt til topps og om du vil på Eidskyrkja er denne ruta - også i dag - betre å gå enn turen opp frå rv. 651 og Skinnviksetra. Men dette skal eg kome attende til.

002 - Kopi
Foto tatt frå sørryggen til Eidskyrkja.  Vatnet vi ser i høgre biletkant er Grøndalsvatnet.  Under dei tre personane til venstre ser vi Bygdaskaret.

Det er noko bratt eit kortare parti opp frå Bygdaskaret og her kan det nok vere skredutsett på dei "rette" dagane.  Likevel var det ingen problem med å krysse oppover til sørryggen og så gå vidare oppover sørryggen til det store platået.  Toppen er sjølvsagt i motsett ende av dette store platået. :).

004 - Kopi
Her ser vi det store platået som skal ligge på ca. 1300 meter.  Toppunktet av Eidskyrkja ligg i venstre biletkant.

No har eg ikkje vore så svært mange gonger på Eidskyrkja, men erfaringa mi er at anten bles der. eller så ligg skodda over toppen.  No var skodda absolutt ikkje innpåsliten, men vinden var svært så kald.  Straks eg hadde fått vrengt av meg på overkroppen og skulle til å stappe den kondensvåte Devoldtrøya i sekken, var ho frosen og stod  rett ut slik eg hadde lagt den frå meg. Hugs tørre og varme kledde i sekken.

Eg var først åleine som kom til topps, men ikkje mange minutt seinare kom der tre andre og hyggelege skigåarar  - pluss ein nordfjording.  (Sjølvsagt hyggeleg han også). Dei tre hadde sett igjen ein bil ved riksveg 651 i Austefjorden, ved starten av bomvegen opp til Skinnviksetra, og heldig som eg var vart eg tilboden skyss tilbake til Grøndalen om eg ville ta turen ned den vanlegaste vegen ned att, dvs. ned Blåbreen og vidare ned forbi Skinnviksetra.  Og slik vart det - rundturen Grøndalen - Bygdaskaret - Eidskyrkja - Skinnviksetra - Austefjorden.

008 - Kopi - Kopi
Nokon som ser kjentfolk?  Frå venstre: Kristoffer Stange-Larssen, Sjur Renertsen og Anne-Marte Haukom Reinertsen.  Hjørundfjordfjell i bakgrunnen.

007 - Kopi
Eit foto av den vidgjetne varden på toppen må med.

Det er nok turen opp- og ned frå Skinnviksetra - etter påske då som oftast bomvegen til Skinnviksetra er opna - som er den vanlegaste ruta å gå. Denne nordvende ruta har gjerne snø lenge frametter våren/sommaren og skikøyringa ned Blåbreen er populær.  Men denne laurdagen den 20. februar vart vi nok skuffa. Kvar hadde snøen blitt av?

014 - Kopi
Sjur i slakkare terreng ned mot Blåbreen

Den slakke strekninga ned frå toppen til Blåbreen var fin, men var ein ikkje obs den første strekninga ned Blåbreen kunne her kort og godt vere farleg p.g.a. fjell og store issvullar som stakk fram.  Skugge og flatt lys/blindeføre gjorde også sitt.  Nedanfor Blåbreen stakk det også fram stein overalt, men under ca. 700 høgdemeter var forholda igjen meir normale.  Det kan her nemnast at dagen etter gjekk eg opp den søraustvende sida til Fingeren frå Standalseidet.  Her var det rikeleg snø.  Det er enno lite snø i fjellet, men forholda kan altså variere.

022 - Kopi 028 - Kopi

Kristoffer Stange-Larssen på veg ned Blåbreen (t.v.).  Ver spesielt obs på eit skummelt parti øvst oppe.  Til høgre er Kristoffer i slakkare terreng ovanfor Skinnviksetra.

026
Anne-Marte Haukom Reinertsen.  Under ca. 700 høgdemeter var det igjen fine snøforhold.

Vanlegvis er det slutt med skituren  ved Skinnviksetra, men dei tre bergenserane eg var med gjorde eit klokt val.  Det var ikkje snakk om å renne etter vegen ned.  Kristoffer, Anne Marte og Sjur tok snarvegen ned gjennom skogen til riksvegen.  Det vart kanskje den trivlegaste delen av heile nedkøyringa.  Laussnø og furuskog er ein for lite påakta kombinasjon.

037b 033b
Kristoffer og Sjur på veg ned gjennom skogen mellom Skinnviksetra og rv. 651.

No vil vel nokre hevde at det kan vere dumdristig  å renne ned ein heller bratt skog, men sjeldan har eg følt meg i så gode hender på ein skitur.  Det viste seg nemleg at alle dei tre var legar - og ja, om nokon framleis skulle lure;  Sjur er legen i Hjørundfjorden.  Og om han og kona tilfeldigvis var på ein fjelltur?  Slett ikkje - det er sikkert lettare å treffe på Anne-Marte og Sjur på ein fjelltopp i området på ein  av fridagane deira eller i gatene i Ørsta/Volda.

Som sagt - dette vart ein rundtur, ein rundtur som kan anbefalast og ein er to eller fleire som tek turen i lag og har ein ekstra bil til disposisjon.  Minuset er at det vert ein del ekstra med bilkøyring og det er kans kje ikkje så populært denne vintren når det er ein god del anleggstrafikk i området p.g.a. Kvivsvegutbygginga.  Men når ein kan dorme i baksetet er det ingen problem...

Eit "men" til.  Dei siste dagane har det snøa ein del, men enno ville eg ha venta ei stund med å evt. ta denne rundturen.  Med meir sol og meir snø er turen ned frå Eidskyrkja til Skinnviksetra både kjekkare og faren for å køyre på stein/fjell mindre.

Takk for turen.