Nokre ventar nok litt på meir vår og sol, andre av oss ventar på at bakeriet på Sæbø skal opne dørene til påske.  No kan vi alle glede oss - Strands bakeri, opnar dørene allereie førstkomande fredag - fredag den 19. mars klokka 0930. Og ikkje berre det - dei som ventar på vår og sol kan korte ventetida på kafeen med ein god kopp kaffi og ferske bakarvarer.

009 (2)
Dagfinn (Daffa) Strand med både runde, avlange  og ikkje minst gode brød.

Strands bakeri har slett ikkje fusjonert eller gått inn i ei kjede.  Bakeriet har heller ingen planar om det, difor vil Daffa halde fram med å lage alle dei gode brøda vi er vande med - Ørstabrødet og Hjørundfjordbrødet inkludert.  Sjølvsagt vert dei steikte i steinomnen.

I utsalget/kafeen vil Kanutte(Nutte) sjølvsagt også selje skulebollane, formkakene, eplekakene, wienerbrøda og alle dei andre godsakene. Alt er sjølvsgt laga på bakeriet.

Opningstidene vert frå klokka 0930 til 1630 på kvardagane,  frå klokka 0930 til 1430 på laurdag og påskeaftan .  Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne.