Villaksen som forsvann.
Til årsmøtet sundag kjem journalist og forfattar Svein Åm, han vil syne bilete, film og fortelje om villaksfisket i Bondalen då fiskarane stod side om side ved elvebredden.
Mellom anna har Åm ein 9 minutt film frå Sæbø på tidleg 70-tal, som syner laksefisket og elles folkelivet på Sæbø, Mange har nok ikkje sett den.
Styret i Hjørundfjord kulturvernlag håper at mange kjem og får med seg dette foredraget, filmen og bileta av Svein Åm.
Elles har Hjørundfjord kulturvernlag har hatt svært aktivt år i 2009.
Bakketunet fekk nytt torvtak hausten 09 (klikk på lenkja)
Bakketunet
Kulturvernllaget har siste åra arbeidt med restaureringa av
Bakketunet på Åkre. Delar av tunet er datert tilbake til mellomalderen og er
automatisk freda, difor har Hjørundfjord kulturvernlag fått midlar frå
Riksantikvaren til dette arbeidet.
Notanaustet.
Notanaustet på Bjørke er omlag ferdig restaurert så langt som planane er til no. Der har bygdafolk lagt ned hundrevis av dugnadstimar. Til sommaren i samband med Dei Nynorske Festspela skal Kulturvernlaget ilag med Festspela ha tilstelling der, då kan alle som ynskjer få sjå resultatet av arbeidet vårt.
Sommarfjøs i Kvistaddalen.
Til våren startar restaureringa av sommarfjøsen som ligg ved inngangen til Kvistaddalen. Her har vi fått ein del midlar frå fylket, og vi har ansvarleg handverkar på plass. I tillegg skal miljøet rundt fjøsen fram att i dagen.
Stavset internatskule.
På Stavset arbeidar kulturvernlaget med å få til ei restaurering av internatskulen. Dette arbeidet er i startgropa, vi kjem til å samarbeide med grunneigarar. Skulen er faktisk spesiell i landsmålestokk. Vi i kulturvernlaget har kun greidd å finne fram til ein annan internatskule for småskuleborn i Sør-Norge, den ligg i Vest Telemark.
Slikt restaureringsarbeid tek tid, men greier vi å skaffe midlar, er målet å ha skulen restaurert til 100- årsmarkeringa i 2015.
Kaffi og noko attåt.
Vel møtt til alle også ikkje medlemmar!
Synnøve Rekkedal Hill
-styreleiar-
Hjørundfjord kulturvernlag – kva har vi gjort og kva vil vi gjere?
Årsmelding Hjørundfjord kulturvernlag år 2009
Førre årsmøtet vart halde på Sæbø skule, sundag 10.mai 2009.
Synnøve Rekkedal Hill, opna møtet kl. 1500. Ho vart so vald til ordstyrar. 29 personar var til stades. Innkalling, årsmelding og rekneskap vart godkjende. Per Atle Røe informerte om Hjørundfjordråse og synte lysbilete. Han var ogso innom bygdemobiliseringa og Hjørundfjordportalen. Under ymse, kom det forslag frå Einar Saure om dendrokronologisk undersøking av hus i Storfjordområdet. 40-50 hus kan vere aktuelle. Dette er ei sak det er vel verd å gå vidare med.
Framlegg til handlingsplan, vidare for 2009, vart framlagd. Hovudprosjekta her var Ellings-gardfjøsen på Kvistad. So var det Bakkegarden på Åkre, med sine eldgamle hus, og internatskulen på Stavset. Det langvarige arbeidet på notanaustet, på Bjørke, vil ogso halde fram.
Deretter var det val, ved Olav Stokke. Samansetjinga av det nye styret vart slik:
Synnøve Rekkedal Hill, leiar.— Per Atle Røe, nestleiar.— Kjell Arne Årseth, skrivar.
Styremedlemer: Helge Nordang; Oddhild Saure Bogen; Marita Sandnes Saltre.
Varamedlemer: Ingeborg Standal; Karin Gjerset Trandal; Halvard Urke.
Revisor: Torbjørn Urke
Valnemnd: Olav Stokke; Svein Stavset; Trygve Finnes.
Det her vore halde fire styremøte dette året. Laget har no 130 medlemer. Ein god auke i frå i fjor. Som vanleg har det vore ein heil del synfaringar, fleire stadar i fjorden. Me ser attende på eit særs aktivt år i laget, men som før, er det å skaffe midlar til prosjekta den store utfordringa. Her utgjer medlemspengane ein viktig del av drifta, so me kunne nok alltid ynskje oss enno fleire støttemedlemer!
Hjørundfjorddagane i år hadde landbruk som tema. Kulturvernlaget deltok, og stilte ut ein vedhoggar og ein av dei fyrste traktorane som var i bruk her. Vedhoggarane var mykje brukte i Hjørundfjorden. Me veit ikkje sikkert om det var ei lokal oppfinning eller om liknande maskineri var nytta ogso i andre bygder. Ein motor overførde krafta, med reimdrift, til eit stort svinghjul, påmontert kniv. Hoggaren kappa risved i høvlege lengder, og kasta han inn i vedhuset, med stor kraft.
Traktoren, ein ombygd T-ford, var eigd av Oskar Sæbø. Denne har vore lagra i presteløda, på Sæbø, i fleire tiår. Han er no flytta til det tidlegare Stormøllen-lageret. Der får laget disponere ein del av golvarealet, og ei gruppe, med teknisk interesserte har starta arbeidet med å restaurere han. Målet er å få han i original og gangbar stand.
I Sykkylven er der ei gruppe som driv med veterantraktorar, og me fekk dei til å stille ut nokre av klenodia sine på skuleområdet.
Dette året var det kulturvernlaget som disponerte gymsalen på skulen. Her hadde me god plass, til å samle personar som kunne syne fram tradisjonelt handverk, og dette var tydeleg eit populært tiltak.
Side 2
På Hjørundfjorddagane vart det ogso avduka ein modell av Risesætra. Magne Årseth, som bygde modellen av det gamle Risetunet, har ogso bygd denne. Ragna Riise, stod for
avdukinga. Kulturvernlaget har dekt materialkostnadane, og står som eigar. Sætremodellen står no på Hjørundfjordheimen, og Risemodellen på Hotellet. Målet på sikt, er å kunne stille ut båe modellane i same lokale.
Me søkte Norsk kulturråd om stønad, og fekk kr. 30 000,-- til å dekke kostnadane våre, i samband med dagane.
Under Naturfestivalen, arrangerte laget ei vandring på Skår. Vel 100 personar deltok og dei fleste tok ogso turen opp til sætra. Jarle Walseth var ein glimrande vegvisar.
Notanaustet på Bjørke er i ei særstilling med omsyn til dugnadsinnsats. Ogso i år har det vore utført mykje gratisarbeid. No er prosjektet snart i hamn, og me har planlagt opning, kombinert med eit arrangement i samarbeid med Dei nynorske festspela.
Restaureringa av Bakkegarden, på Åkre, gjeng etter planen. Sist haust vart det lagt nytt torvtak på stova. Etter ynskje frå fylkeskonservatoren og Riksantikvaren, vart taket tekt på gamlemåten, med næver under torva. Eine taksida vart lagt etter tradisjon frå Nordmøre, og den andre etter Vossatradisjon. Grunnen er at ein er usikker på korleis tradisjonen var på våre kantar. Dersom nokon sit på kunnskap om dette, so hadde det vore interessant for kulturvernlaget å få del i kunnskapen.
Ellings-gardfjøsen på Kvistad, er eit prosjekt der
planarbeidet er ferdig. Me har fått noko midlar frå fylket, og med
dugnadsinnsats i tillegg, er målet å få dette prosjektet ferdig i år. Fjøsen
ligg fint til, like inntil vegen som fører til Kvistaddalen, Kvamsedalen og
Skårasalen. Planen er at fjøsen skal vere open for alle, og at han skal verke
som ein ”informasjonssentral” for alt som ligg i området innanfor. Då tenkjer
me på kart, turinformasjon, historikk o.a.
Som me veit er det ein aukande straum av fastbuande, og
tilreisande som nyttar dette turområdet, og då særleg Skårasalen. Det høgste
punktet på vestsida av Hjørundfjorden.
Stavsetskulen, som var ein internatskule, syner seg å vere meir skjeldan enn me hadde trudd, i alle fall i Sør-Noreg. Me har so langt, berre spora opp ein til, som ligg i Vest-Telemark. Noko anna som ogso er skjeldsynt er at han er i ganske original stand, med eit grønsåpeskura interiør, som står urørd. Det er enno mange uløyste spørsmål i samband med istandsetjing og bruk, men i samarbeid med grunneigarane og folket på Hjørundfjordstranda, vil me arbeide vidare på prosjektet.
Me vil ogso å år takke for all godvilje, hjelp og støtte til arbeidet i Hjørundfjord kulturvernlag.
Rise 18. mars 2010; Kjell Arne Årseth, skrivar.
Kommentarar
P.S Eg tek med minnet i fall du skulle finne på ei skrøne...