Vi har booka grendahuset for eit lan mandag 22 feb til tirsdag 23 feb. Lanet vil starte klokka 1600, men som sagt i ingressen, må det fiksast eit par ting før det er i boks.
Det første og viktigaste er: vakter, det skal vere vakter på lanet som SKAL vere over 18 og som ikkje skal vere deltagande i Lanet sjølv. Vaktene er inndelt i 3timers vakter og starter 1600 på mandag. DERSOM det skal verte noko av lanet oppfordrar vi bygdefolket til og stille som vakter. Dersom du kan stille sender du ein mail til: hjorundfjord_lan@hotmail.com eller ei melding til 47633859 som er telefonen til Mikkel.
Nattevakta er ei 8timers vakt som varer fra 00.00 til 08.00 og vakta må vere over 20 år og ikkje deltagande i lanet.
Vaktlista skal vere klar innan søndag klokka 23.00, og dersom det ikkje strekker til med vakter VIL LANET BLI AVLYST.
Det andre er: på grunn av dårleg innsats ved rydding av lokalet har vi bestemt å ta 100 kroner i depositum når du betaler inngong, og det får du tilbake når ei vakt har kontrollert at du har rydda etter deg når du skal fare heim.
Ellers vil inngong koste 150 kroner uansett kor lenge du skal vere på lanet.
Ellers er det berre og ønske alle frå ungdomskulen og oppover, velkomen til Vinter-Lan.
Vaktliste DATAPARTY mandag-Tirsdag 22.02-23.02 16.00-19.00 .... Irene Hustad Mob 45417689 19.00-22.00 …Elisabeth Dimmen mob: 92608041 22.00-07.00 …Frank Vatne mob: 95304125 07.00-10.00 ...Håvard Riise mob: 10.00-13.00 ...Eve Myre Holen mob: 13.00-1600 ......Emile Van Embden mob:
Kommentarar
Kan ikkje sjå at dette Lan-et er lagt inn på kalendaren på grendahuset. Derfor veit ikkje vi som ordnar huset at dokke skal bruke huset. Huset skal klargjerast for bryllaup neste helg og siste resten av arbeidet på dragaren som vart skada av snøtyngda skal kledast ferdig. Der vert saging og banking mandag og tirsdags kveld og etter det skal det vaskast, men om det er greit så kan dokke få huset. Hugs å legge slike arrangement inn på kalendaren og kontakt oss i styret.
Rune Mo
Leiar