Som vanleg var det Ingvild Flatnes som hadde ansvaret for øving og framføring av programmet. Denne gongen godt hjelpt av Hans Robert Bondhus frå musikkskulen.

La det vere sagt med ein gong - det vart ein flott kveld med eit imponerande program for eit fullsett grendehus. Hans Robert hadde ansvaret for eit husband som verkeleg imponerte med flott musikk. Vi fekk og oppleve rørande flotte songframføringar og mange oppfinnsame dramatiseringar. Mellom songane fekk vi sjå flotte presentasjonar av artistane på storskjerm.

Her kan du sjå bilete frå framføringa: Bilete