Årsnormalen (1961 - 1990) for Hustad er 2040 mm nedbør, veit vêrmålar for Meteorologisk institutt, Anne Hustad. Ho veit også at normalen dei siste åra har vore at det har kome meir nedbør enn normalt - t.d. kom det nærare 3000 mm i 2008 på Hustad.
Under kjem nedbørstala for 2009 i mm månad for månad: (Månadsnormalen står i parantes)
Januar: | 249,20 | (199) |
Februar: | 133,7 | (160) |
Mars | 119,7 | (164) |
April: | 29,0 | (110) |
Mai: | 118,9 | (76) |
Juni: | 85,7 | (88) |
Juli: | 86,1 | (109) |
August: | 261,0 | (130) |
September: | 390,9 | (254) |
Oktober: | 181,3 | (248) |
November: | 88,4 | (234) |
Desember: | 83,1 | (268) |
Mindre nedbør enn normalt i 2009, seier Anne Hustad
Ser vi litt grovt på tala oppdagar vi at det stort sett var mindre nedbør enn normalt i første halvår av 2009. Men så kom august og det meste ordna seg. Omtrent den 10. august kom regnbyga som grovt sett varde fram til 10. oktober. Så vart det slutt på nedbøren i 2009. Sopm vi ser, kom det langt mindre nedbør enn normalt både i november og desember.
Anne veit også at den dagen det var mest snø på Hustad i 2009 var den 31. desember. Då målte ho at det låg 48 cm snø på flat mark på Hustad. Det var i det heile lite snø i 2009, t.d. var den høgste snudjupna i januar 45 cm, i februar 30 cm og i mars var det berre 2 cm med snø på det meste.
Og kva med snødjupna i januar 2010 på Hustad? Den var på 75 cm på det meste og i dag, den 1. februar låg der heile 80 cm snø på Hustad.
Kommentarar