På flat mark er det målt 1meter og når ein veit at ein god del av denne meteren er gamal samantrykt snø, vert ikkje trykket pr. kvadratmeter mindre.

Kom i morgon, laurdag kl.10.00, eller så snart som du kan, og hjelp oss å moke taket, ber Rune Mo og Bernt Arve Hustad, så vi slepp noko skade på det nye taket på Grendahuset. Ta med snøbrett, men har du ikkje det så ta med spade. Til fleire snøbrett vi har til betre er det!
Imorgon må taket mokast på Grendahuset og dei husansvarlege ber om at alle som har anledning må møte til dugnad kl.10.00 ellers risikerar vi at nyetaket på grendahuset tek skade. Det er også meldt litt nedbør i morgontimane som ikkje gjer situasjonen betre.
Vi er redd for at situasjonen kan verte svært alvorleg dersom ikkje snøtyngda vert kraftigt redusert i morgon. For regn ned i all denne snøen kan gjere stor skade på takkonstruksjonen, seier dei to.
Det er no sett støtter under dragarane inn i huset for at det ikkje skal skje noko i løpet av natta.
Fredagskvelden... (16.02.2010 kl. 19:03)
Det bør vel kanskje nevnast at det var folk so sto på fredagskvelden også, med og måke taket...
Synnøve Mo
Takk frå speidarane (15.02.2010 kl. 17:37)
Speidargruppa takkar alle som møtte opp for å hjelpe til å måke taket på laurdag. Mange av oss som kunne ha vore med på måkinga var på handballturnering i Sulahallen og kom ikkje heim før i 20-tida på kvelden. Vi vil sjølvsagt stille ved eit anna høve :-)
Eve Holen
Ein kjempeinnsats (15.02.2010 kl. 14:12)
Nok ein gong har enkelpersonar gjordt ein kjempeinnsats for å unngå skade på Grendahuset, som er vår felles eigedom.
Det var ikkje til unngå at det var litt missmot blant dei ansvarlege for huset då det vart oppdaga skade i konstruksjon og få møtte opp for å moke, laurdags føremiddag. Men ut på ettermiddagen møtte fleire opp og den store jobben ved å moke taket er ikkje så stor lenger når fleire deler på oppgåvene.
Skal vi i framtida kunne ta vare på Grendahuset må det på komande årsmøte bestemmast at kvart av eigarlaga må stille med eit vist antal personar som må stille ved slike krisesituasjonar. Ellers er eg redd for at årsmøte får store problem med å skaffe eit husstyre som vil ta ansvaret for huset.
Til komande helg skal der være bryllaup på huset og i helga som var, ville eit slikt arrangement vorte avlyst, og ein kan berre tenke seg situasjonen for dei som skal leige huset.
Eg oppmoder alle leiarane i eigarlaga å skrive ein liten kommentar til husstyret og takke for innsatsen som dei nok ein gong har gjort for Grendahuset vårt.
Ivar Svein Mo
(13.02.2010 kl. 16:44)
1000 takk til dei som har hjelpt til med snømåkinga idag! -Helsing styret-
Marion Mo