SKJULT HALLEIGE?

I 2009 vedtok politikarane at det skulle krevjast halleige av idrettslaga i kommunen. Etterpå vart vedtaket gjort om og vi i Sæbø idrettslag pusta letta ut. Vi trudde vi slapp å betale leige for bruk av idrettshallen på Sæbø og i Ørsta.

Stor var overraskinga då vi etter kvart fekk rekningar for vask av hallen, og vi undrar oss: Er dette er ein ny form for halleige?

Det er heller ikkje små summar det dreier seg om.

I løpet av 2009 vart handballgruppa i Sæbø IL fakturert for kr 19.230,- for vask av hallen etter handballkampar der vi var arrangør. Rekningane er alltid like spanande å lese, kva timepris blir vi fakturert for denne gongen? 355kr/timen eller kanskje 312 kr/timen eller ……..? Og tru det eller ei, i påslag på denne timeprisen skal vi betale 40% sosiale kostnader!!!  Det skal seljast mange kaker og samlast enda fleire tomflasker for å finansiere denne kostnaden. For alle som kjenner Ørstahallen veit at muligheitene til inntekter frå billettsal er minimale.

Sæbø IL har i år klart å få med eit damelag i 3de divisjon og heimekampane våra speler vi sjølvsagt i Ørstahallen. I tillegg til å betale dommarane får vi no store kostnader til vask. Vi undrar oss, var det dette de politikarar meinte når de sa at idrettslaga i Ørsta ikkje skulle betale for bruk av hallane våre?

Med helsing

 

Eldbjørg Tvergrov

Sæbø Idrettslag