Det var i går at vi drog på "hytta" hass Einar på ytre Standal.  Her er det stilt og roleg og perfekt for ein helgatur med god mat, prat og litt drikke.

ytre standal

Det er garden heilt til venstre som familien Tvergrov arva for nokre år sidan vi hadde basen. Det var planlagt på førehand at det skulle aviklast skiskyttar konkuranse . Løypa gjekk frå enden på løda og bort til enden på den andre løda midt på bilete. Midt mellom desse to var det satt opp blinkarsom bestod av tome snusboksar med spikar i slik at dei ikkje skulle blåse ned. blinkenBlinkane.

Det vart avtalt på førehand at renne skulle aviklast i pausa til hopp konkuransa, lite gjennomtenk i forhold til lyset skulle det vise seg i ettertid men det var det ingen som tenkte på då. Reglane blei diskuterte godt på førehand slik at ikkje nokon skulle overlatast til tilfeldigheitene.

Alle skulle gå 2 runder. Det skulle skytast både liggande og ståande. 2 snusbokser skulle ned i kvar runde og ein fekk 6 skudd pr. runde til å få ned boksene. For kvar boks som stod att blei det lagt på 10. sek. Alle fekk 2 prøveskudd og alle måtte gå med same skia slik at ingen skulle ha bedre fordelar enn dei andre. Marius Strandmann følte seg litt uvel så han var ansvarleg for at rennet gjekk føre seg slik det skulle. Han var både rennansvarleg, juryformann og sekundant.

At jurye formannen ikkje var heilt upartisk skal vere usagt men før rennet rangerte han utøverane slik: Einar Tvergrov 1. plass. Med kongens sølv i skarpskyting og praktisk talt oppvaksen på bondalseidet skulle han vere opplagt favoritt. Yngve Frøland 2.plass, som ihuga jeger og friluftsmenneske med erfaring frå finnmarksvidda skulle han tole forholda rimeleg bra. Stig H. Myklebust 3.plass, sjølv om jury formannen ganske klart slo fast at det aldri he vore gode skiløperar frå Austefjorden så hadde han meir tru på han enn meg og Stian. Eg og Stian blei rangert på dei 2 siste plassane fordi ingen av oss står noko særleg på ski, men med eit lite forbehold om at Stian kunne være ein "underdog" for det har gått rykte om at han har trena på siste turen ute.

Etter rettferdig trekning såg start rekkefølga slik ut: Stig H. Myklebust 1,Stian Holen 2, Alex Riise Olsen 3, Einar J. Tvergrov 4, og Yngve Frøland 5.

stian går Stian i full fart.

Stian kom godt i gang, trass eit lite fall så kom han seg raskt til første skyting. Stian valde å gå med skibriller for å miste minst ogleg av nattsynet.

stian ståande 4

Stian skaut godt og etter 2 runder fekk han kun 10 sek. tillegg.

alex liggande 3Alex liggande.

På grunn av mørke måtte arrangements ansvarleg lyse langs løpet slik at vi kunne sikta.alex ståande 5God støtte på skytinga var viktig, denne blei bedre utover i løpet.

Etter 3 løperar gått, var det kun eg som ikkje hadde fått tilleggs tid men dei to største favorittane var no igjen.einar fall 2Einar.

Einar byrja bra men diverre etter berre 6 m fekk han eit fall. Eine skia losna. Seinare på kvelden på jurymøte kom det inn klage på hjelpemannskapet men denne blei avist då det viste seg at det var den skia han sjølv hadde hatt på og godkjent.

einar laddeKalde forhold på skytinga.

Etter kvart som løpet gjekk blei det klart at det var skytinga der tida gjekk, det vart kaldt på fingrane og kulene var vanskelege å få inn i løpet. Det var etterkvart så kaldt at Einar som slit med ei gammal forfrysning frå militæret måtte bryte løpet etter ei runde.

Det var då tilslutt berre tidlegare grensevakt Frøland igjen, skulle han ta heim gullet til Frøland??

yngve ståande 3Yngve på ståande.

Som det ser på bildet var det og litt vind. Yngve starta bra og alle var samde om at han gjekk best i sporet men diverre så var traff han ikkje så godt som han ville. Kanskje var det vinden som ødela for han..

yngve liggande 2

Yngve fekk 20 sek tillegg.

Etter løpet var tidene følgande: Stig H. Myklebust 06.40.7, Stian Holen 07.19.6,  Alex Riise Olsen 05.08.2, Einar J. Tvergrov --.--.- , Yngve Frøland 07.21.3.          Sjølv om at eg leia var ingenting avgjort for først skulle det vere jurymøte!

jurymøteTidene sjekkast.

Ingen kunne føle seg trygge gav juryformann Strandmann klar beskjed om. Stian som låg an til 4.plass klaga på at juryformannen hadde sagt til han under skytinga at han ikkje hadde ladd børsa ,det hadde han og han skaut ned blinken, men likevell meinte han at grunna utsagnet hadde blitt så usikker at den tida som skilde han og Yngve var på grunn av dette. Heldigvis for stian sin del viste det seg etterkvart at det ikkje var lagt på tilleggstid på tida til Yngve så Stian fekk betre tid likavell. Etter lange diskusjonar kom vi fram til einigheit og det var enstemmig vedtatt at løpa var godkjende.

Resultata blei då som følgande: Alex Riise Olsen , Oskarsborg Skiforening 1.plass, Stig H. Myklebust, Austefjord IL 2.plass, Stian Holen, Heimste-Holen krokett klubb, 3.plass, Yngve Frøland, Tufte IL, 4. plass og Einar J. Tvergrov, Rvergrov Sag og Ski, brutt løp.pallen 2Premie utdeling.

Det var sjølvsagt premieutdeling og nasjonal songen "Bondalsongen" runga i stova etter at premiane var utdelte. Etter premieutdelinga var det nedroing med blåskjell og kvitløks baguettar. Om morgonen vakna alle friske og raske og var vel samde om at dette må gjærast oftare.

Litt synd var det at ein danske som invitert ikkje kunne kome slik at rennet hadde vore internasjonalt. Einar sine skotske ana frå Standal tel ikkje sa juryformannen!