Skandaløs plassering av bosskonteinarar ved Solavåg ferjekai.
Vi er ved innfallsporten til satsingsområdet for turisme og reiseliv, eit område det skal brukast mange, mange millionar for å lokke turistane hit. I sør skulle vi sjå det flottaste turistmålet i verda, nykåra av National Geographic. Det knyter seg forventningar når ein står framfor dei praktfulle Sunnmørsalpane og perla mellom fjordane våre, Hjørundfjorden.
Reiselivsoperatørane brukar store summar for å presentere reisemåla. Slik og her på Solavåg ferjekai der Ørsta og Volda inviterer turistar og andre reisande. Denne informasjonstavla står på høgre sida, rett utanfor bilvinduet der fotografen har parkert.
Etter å ha titta på informasjonstavla for Ørsta og Volda, dreier vi oss rundt 180 grader og kva ser vi då? Vi vender oss mot fjorden og fjella….. men det er eit kvart som ikkje stemmer?
Her ser vi korleis utsikta mot Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden vert blokkert. Sit ein i bilen vil langt mindre av landskapet synast. Snøen er mellombels, men det kan ikkje seiast om desse fargerike avfallskonteinarane til Fjord 1. Det bør vere råd å finne fram til ei heilt anna plassering.
Tre store bosskonteinarar er plassert ved sida av kvarandre langs kaikanten, rett i sentrum for det synsfeltet som skal vise fjord og fjell. Den eine er grøn, den neste er oransje og den siste er grå. Dei er omlag to og ein halv meter høge så dei dekkjer til og med toppen av Horningdalsrokken lengst i sør.
Det er avfallet frå ferjene som vert sortert opp i desse avfallskonteinarane. Kor ofte dei vert tømde, anar vi ikkje. Men vi veit at dei ikkje er plasserte der mellombels. Slik har dei fått stå sidan mai då vi måtte ut av bilen for å få sjå innover fjorden og fjella. Og slik står dei den dag i dag.
Det er dette motivet vi skulle ønskje at dei reisande fekk med seg medan dei venta på ferjekaia.Biletet er frå Sundsmyrkollen, like ovanfor ferjekaia. Slik vil det og synast frå ferjekøa om avfallskonteinarane var borte.
Det er sjølvsagt ikkje forbode å gå ut av bilen, krysse vegbanene og sjå det ein ønskjer ved å stille seg ved sida av desse mastadontane av nokre ferjeavfallsmottakarar. Men der var det ikkje så triveleg likevel, for i sommarvarmen reiv avfallslukta i nasen.
Det skulle ikkje vere nødvendig med så mange ord i tillegg for å få fram at her er det nokon som ikkje heilt har oppfatta kva som sømer seg i vår vakre natur, tett inntil vegkanten der fleire tusen reisande passerer kvar dag. Det er ikkje slik vi ønskjer å vise fram området vi inviterer til. Vi kjempar mot monsterlinjer med dominerande fjordspenn fordi det skjemmer synsinntrykka og skjemmer kvaliteten på landskapet.
Dette biletet er frå mai i fjor og gir eit inntrykk av korleis konteinarane er plasserte midt i synsfeltet for ventande ferjepassasjerar.
Det skulle vere av stor interesse å få vite kva vurderingar som er gjort av den som er ansvarleg for plasseringa og kva instans som har godkjent dette! Vi tvilar på om det ville bli godkjent dersom t.d. hotellet på motsett side av vegen fann på at her ville dei plassere sine avfalldunkar. I første omgang etterlyser vi reaksjon frå Fjord 1, driftaren av ferjene på strekninga Solavåg – Festøy. I tillegg vil vi gjerne lytte til Sula kommune si handsaming av denne plasseringa.
Kommentarar
"Truleg er det fergedrifta, men kan dessverre ikkje svare deg eksakt på kven det er.
Men, du har eit bra poeng i artikkelen!"
Det må da finnast ei god, praktisk plassering av desse avfallsdunkane utan at dei skal dominere synsfeltet mot eit av verda sine vakraste fjell-og fjordpanorama. Her må det vere nokon som ikkje har tenkt skikkeleg gjennom "saka" !
Elles honnør for mange gode innspel på denne sida.