Vi har fått henvendelse frå Hjørundfjordheimen om at dei ynskjer  at deira stoff vert lettar å finne fram til i ettertid. Det er mange som set stor pris på desse artiklane som vi har fått med jamne mellomrom frå heimen. Og mange som har tilknytning til einkvan på heimen har ikkje fått sett dei, eller vil gjerne lese dei omatt, og finn dei ikkje att etter dei har gått utav hovudsida på portalen.

Alle artiklane ligg under fana "Folk og bygd" og skal være lette å finne og i tillegg kan ein søkje på eit ord som ein kan rekne med er brukt i artikkelen. Men heimen har fått melding om at mange ikkje meistrar dette, og Portalen har som mål å kunne være for alle og vi har prøvd å lage til ei ordning, som gjer at når ein klikkar på annonsa, så får ein fram alle artiklane samla som er skrevne.

For at desse artiklane skal legge seg under annonsa til Hjørundfjordheimen, må dei som skriv, legge inn stikkord neders på artikkelen. Eit stikkord er eit felles ord som gjer at alle som har dette ordet vil få opp ei lenkje si i ei blå boks øverst i til høgre i artikkelen. Her kan ein legge inn 5 forskjellige ord og dermed bestemme kva som skal kome under liknande artiklar som ein kan klikke på.

Stikkorde som no er brukt er "Hjørundfjordheimen09"og dette må skrivast heilt likt kvar gong. Dette skal ikkje være noko problem, for portalen sjølv hugsar det ordet som er brukt og kjem opp med forslag til ordet, så snart ein begynner å skrive.

Håper dette no kan gjere det enklare og vi anbefaler at i tillegg til det faste stikkordet vert brukt "Hjørundfjordheimen10" i 2010 som nr.2. Dermed kan vi i ettertid skille dei to årgongane, så ikkje den blå boksa vert for lang nedover artikkelen.

Ellers så finn ein Hjørundfjordheimen under fast soff i venstre marg, der ein finn opplysningane om institusjonen.

Håper vi får mange interessante artiklar frå Hjørundfjorheimen framover.

 

Ivar Svein Mo