Sist veke var ei bondalskvinne på skitur i eit av dalføra våre.  Ho hadde med seg hunden på turen.  Sjølv om hunden helt seg i nærleiken av eigaren greidde han likevel å finne ein hjort, og ikkje berre det - hunden beit hjorten bak slik at hjorten blødde.

Kva no? Turgåaren vart sjølvsagt fortvila og ringde som rett var viltnemnda i Ørsta, fortel Else-Beate Barstad, som sjølv er medlem i viltnemnda. Det var Alf Kristoffersen som fekk telefonen og meldinga frå han var klar: - Få tak i ein jeger som  kan finne- og evt. avlive hjorten om skaden tilseier det.

Kvinna greidde å skaffe jeger også, ho.  Rett nok var jegeren nyutdanna og hadde såleis ikkje skote hjort før, men han lova å ta med jaktvåpen og leite seg fram til staden.  Kva jegeren tenkte på vegen, veit sjølvsagt ikkje Else-Beate, men vi kan berre tenkje oss kva tankar som gjekk gjennom hovudet hans.  Var hjorten sterkt skada?  Ville han finne dyret?  Dette var sikkert sentrale spørsmål.

For jegeren vart det sikkert ei litt anna jakt enn han hadde venta.  Då han kom fram stod nemleg den aktuelle hjorten der.  Det var på ingen måte tvil om at hjorten var i live, men det spesielle var at hjorten var festa til eit tre - med eit hundeband.  Det er vel ikkje å ta for sterkt i å hevde at turgåaren hadde gjort det meste for å sikre ei human og sikker avliving.  Og for den som måtte lure; hjorten vart skoten.

056
Det var ein slik hjortekalv turgåaren greidde å feste til eit tre med eit hundeband.  (Men denne lever i beste velgåande)

Dei som trur at det var ein hjortekalv turgåaren hadde festa til eit tre, trur rett.  Då Einar Nybø, også i viltnemnda, kom til staden for å ta vare på dyret, slo han med ein gong fast at kalven var så mager og avkrefta at det ikkje var noko å tenkje på å gje dyret vekk til ein sjukeheim eller ein annan institusjon.  Men eit litt spesiell jakthistorie vart nok dette likevel, humrar Else-Beate.  Ho strekar under at turgåaren absolutt gjorde det ein kunne forvente.

Dessverre går det no ein del morlause hjortekalvar rundt om i kommunen.  I det harde vintervêret vil truleg mange av dei bukke under.  Else-Beate Barstad seier til hjorundfjord.no at dette sikkert også er rett for sjølv om folk vil ta på seg ansvaret med å fore dei fram over vinteren så er desse halvtame hjortane gjerne dei første som vert skotne når jakta startar igjen.

Om nokon likevel vil fôre desse dyra så må ein ikkje fôre for kraftig.  Viltnemnda kjenner til fleire tilfeller der hjortar har blitt liggande att på fôringsplassen.  Dei har kort og godt fått for mykje på ein gong.  - Så ver varsam, opplyser Else-Beate. Ho meiner at høy i ikkje for store mengder er det beste.

017
Denne hjortekalven - den same som på fotoet over - vart fotografert på Årset i dag og ser ut til å greie seg bra så langt. Men kalven har fått høy og det er kanskje dette fôret som har gjort at han ser betre ut no eller det han gjorde rundt årsskiftet.

016
Ikkje like populært mellom oss gardbrukarar, men på Kvistad er det tydelegvis nokre hjortar som har funne seg ein rundballe og eit hol inn.