Dette biletet er nok teke i 1940. Eg fann det i mor sin album så det er nok far som har teke biletet. Det vert sagt at biletet viser karane som bygde brua over Urkeelva. Arbeidet tok til i 1939 og vart fullført i 1940.

Nyebrua (2)

Brua er ferdig, men kven er desse karane som bygde brua?    Klikk på biletet og sjå det i stor utgåve!

Eg er på jakt etter namna på dei som var med på dette arbeidslaget. Har de opplysningar å gi meg, så bruk merknadsfeltet eller send ein e-post til per.urke@adsl.no.

Det kan vere lurt å vise biletet til eldre som har minner frå denne tida. Det er kanskje eit par karar frå Bondalen som var med. Nokon mener at syningen (oppsynsmannen) skal og vere med på biletet. Han var visst nok frå Vatne i Ørsta.

Det var dugande karar som kunne sitt fag! Sjå berre på eit nytt foto nedanfor av steinarbeidet på brufundamentet (brukaret) :

Urke Helga 08 031

Slik har brukara stått i 70 år og måtte tole ein totallast på nesten 100 tonn for to-tre år sidan!