Vi reiste til Trondheim fredag morgon med 11 spelarar, derav 2 skada og 3 halvsjuke..

Eit litt skadeskutt Sæbø/Åmdal lag stilte til kamp mot Skaun fredag kveld og mot Kolstad laurdag seint ettermiddag. Eigentleg skulle jentene også spele mot Utleira søndag, men måtte desverre melde pass då vi berre hadde 6 friske spelarar att etter to harde kampar fredag og laurdag.

Kampen mot Skaum vart ein kjempegod kamp der jentene fekk vise kva dei kan. Forsvaret fungerte kjempegodt, jentene kriga godt og leia med 4 mål midt i første omgong. Dommarane var unge og uerfarne og dømde noko merkeleg, bla. fekk Liv Grete direkte raudt kort og måtte forlate bana, utan at nokon forstod kvifor.
Pauseresultatet var 13-13 og ok, mens det i andre omgong var litt meir tilfeldig dømming. Uansett var det ein godt gjennomført kamp av jentene som var kjempeflinke!
Sluttresultatet vart 25- 28. Haustkampen endte 19- 37 så framgongen er stor!

skaun 1

Marthe, Liv Grete, Hanne, Helene, Malene, Else Marie og Torill i godt samarbeid!

Spesielt forsvaret har vorte mykje bedre sidan i haust. Jentene samarbeidar godt og i kampen mot Skaun hadde Liv Grete ein kjempegod førsteomgang som målvakt. Elisabeth følgde godt opp i andreomgang med mange flotte redningar.

skaun 2

Synnøve, Liv Grete og Sara

skaun 20

Torill, Else Marie, Liv Grete, Sara og Malene

torill

Torill spelte kjempegodt og kunne notere seg for 6 mål i begge kampane.

skaun 16

Malene spelte ein god kamp mot Skaun og sette 10 mål + 2 straffer i nettet

skaun 9

Liv Grete og Marthe stoppar ein Skaunspelar noko som førte til direkte raudt kort for Liv Grete..
Vi ser vidare Malene, Else Marie, Torill og Elisabeth.

Også i kampen mot Kolstad spelte jentene kjempegodt. Forsvaret fungerte veldig godt mot eit lag med mykje eldre spelarar med mykje erfaring..
Kampen vart for vår del amputert av dommarar som viste ut ein av våre spelarar kvar gong vi greide å få uavgjordt. Kolstad fekk berre eit 2 min mens vi fekk 6 dvs. 12 min. med 6 spelarar på bana + eit raudt kort.
Veldig urettferdig etter underteina sin meining!
Pauseresultatet var 12- 14 og sluttresultatet vart 29- 31 etter ein god kamp av jentene som viste stor framgong sidan haustkampen som endte 29- 39.

kolstad 5

Marthe spelte kjempegodt og kvitterte med 8 mål mot Kolstad.

kolstad 4

Else Marie i høgt svev i kampen mot Kolstad, rett etter får ho sin tredje 2 min. og dermed raudt kort og ho må forlate bana.

 

vakler

Før kampen mot Kolstad var det vafler på hotellet. Det viste seg at Marthe er ein kløppar i vaffelsteiking!

mat 2_edited-1

Etter kampen mot Skaun var det tid for kveldsmat på hotellet!

tyholt 3

Karen, Torill og Malene studerar menyen.

Laurdag kveld var vi Egon 74 m. over bakken. Tyholttårnet går ein runde pr. time så vi hadde utsikt over heile Trondheim!

tyholt 4

Pizza er godt!!!!

tyholt 2

Elisabeth, Sara, Hanne og Nina med utsikt over Trondheim!

tyholt 5'

Anette, Helene og Stine

Desse var med til Trondheim:
Elisabeth Skogen, Liv Grete Stokke, Malene Aambakk 12+ 11, Torill Haugen Øye 6+ 6, Anette Mork 1+ 1, Sara Konstanse Årseth, Else Marie Stokke 2+ 1, Helene Andreassen, Marthe Takseth 4+ 8, Hanne Stokke, Synnøve Eikås 2.
Karen Ose Lid, Nina Hustad og Stine Aarflot Bjørndal var med som heiagjeng!