Små årskull og naturleg fråfall gjer at Sæbø I.L. slit med å stille lag i aldersbestemte klasser både i handball og fotball. Men for aldersgruppene fødd i 2000 og seinare ser det riktig lovande ut.

Laurdag stilte Sæbø med eit gutelag og eit jentelag i ei minihandballturnering i Sulahallen i Langevåg. Totalt 18 spelarar tok del i turneringa. Dei er fleire, men nokre måtte melde forfall grunna sjukdom.

Før kampen

Trenar Wenche terpar reglar like før kampstart.

Jentene er så mange (10) at det vert lite speletid på kvar enkelt når kampane varer i berre 15 minutt og dei ikkje får vere meir enn 5 spelarar på bana. Men dei treng å ha innbytarar og då vert det berre eitt lag.

Trass i lite speletid er jentene flinke. Laurdag vann dei to av tre kampar og den eine av kampane var rein utklassing! Kjekt å få følgje med på framgangen.

Nå er vi klar!

Blide jenter klar til å entre bana.

På tribuna over dei sit ein stor delegasjon foreldre, besteforeldre og sysken.

Handball er sosialt!

Skudd på mål

Gutane møtte ein del storvokste gutar i dag og sleit med å sleppe til som dei ville.

På begge laga til Sæbø varierer alderen på spelarane mykje. Dei yngste er fødd i 2002 og dei eldste i 1999.

Men gutane våre er ikkje lettskremde. Sjølv om dei tapte alle kampane sine var dei ved godt mot og var stolte av alle måla dei scora og ikkje minst av alle måla dei redda. Målskilnadane var ikkje store så gutane kjem nok snart etter med  siger dei og.

Etter kampen

Nokre korrigeringar og litt "pep-talk" må til etter ein kamp.

Oppvarming

Korte kampar og lite speletid gir seg utslag i høg aktivitet mellom kampane.

Forsvar

Trenarane er flinke til å rettleie spelarane under kampane. Ein trenar på kvar side av bana er det god hjelp i.

Spilleglede?

Nokre gongar skjer ting som gjer at konsentrasjonen sviktar, men pytt...

Medaljeutdeling

Premieutdeling. Gullmedalje til alle!

Jenter 2000

Jentelaget med trenarane Elisabeth Å. Dimmen og Wenche Strand.

Gutter 2000

Gutelaget med trenar Åse-Lill Leknes. Martin Å. Dimmen er også trenar for gutelaget, men han var dommar i Ørstahallen i dag.

Alle spelarane hadde nye, fine drakter i dag.