Utan tvil - det er i skrivande stund lite snø i fjellet, men i nokre dalar og fjellsider  er det godt med snø.  Dal- og fjellsida opp frå Standaleidet til tinden Fingeren er ei av dei.   Og ikkje berre det, trass i at det er mange dagar sidan det kom noko særleg snø, var snøen der sist søndag kort og godt herleg.  Det er framleis fleire dagar igjen av vinterferien - prøv denne turen.

007 - Kopi
Raud strek viser vel den vanlegaste ruta opp til Fingeren frå vegen over Standaleidet.  Denne ruta gjekk også Jakob (Hustad) og eg sist søndag.

Det var slett ikkje berre Jakob og eg som tok turen opp til skaret nord for toppen av Fingeren - dei fleste skigåarar stoppar her - søndag.  Som avtalt møtte vi m.a. fire hyggelege personar.  Sjå foto under.

018
Når vêr- og føreforhold er gode tek turen opp til det omtalte skaret ikkje så lang tid.  Nærast fotografen ser vi Helge Veum.  Vidare bakover ser vi Lill Haugen, Olav Haugen, Jakob Hustad og Ronny Haugen.

Først eit par foto frå turen oppover.

009
Jakob på veg oppover.  Fingeren til venstre.  Rariteten Sylen opp til høgre.

012
Ok -før ein når skaret nord for Fingeren har ein nok fått opp temperaturen.

Det var i alle høve ingen synlege teikn til flakskred på turen opp, men det hadde gått ein del mindre solfonner i 7-800 meters høgde.

Så, etter ei kort pause i skaret, var det berre å få fellane av skina og svinge seg ned til vegen igjen.  Fotoa talar vel for seg sjølv.

025 - Kopi
Ronny

039 040
Olav

035 - Kopi 066
Lill

032
Jakob.  Sylen i bakgrunnen.

062 063
Ronny                                                                                     Olav

045
Helge er ikkje plaga med skorpesnø han heller.

Og så takkar vi for turen med dei to siste.  Klikk på alle foto for å få ei i stor versjon.

042 044
Ronny                                                                     Lill og Sylen pluss Helge

Og så quizen.  Kva heiter fjellet under?

011 - Kopi