Utan tvil - det er i skrivande stund lite snø i fjellet, men i nokre dalar og fjellsider er det godt med snø. Dal- og fjellsida opp frå Standaleidet til tinden Fingeren er ei av dei. Og ikkje berre det, trass i at det er mange dagar sidan det kom noko særleg snø, var snøen der sist søndag kort og godt herleg. Det er framleis fleire dagar igjen av vinterferien - prøv denne turen.
Raud strek viser vel den vanlegaste ruta opp til Fingeren frå vegen over Standaleidet. Denne ruta gjekk også Jakob (Hustad) og eg sist søndag.
Det var slett ikkje berre Jakob og eg som tok turen opp til skaret nord for toppen av Fingeren - dei fleste skigåarar stoppar her - søndag. Som avtalt møtte vi m.a. fire hyggelege personar. Sjå foto under.
Når vêr- og føreforhold er gode tek turen opp til det omtalte skaret ikkje så lang tid. Nærast fotografen ser vi Helge Veum. Vidare bakover ser vi Lill Haugen, Olav Haugen, Jakob Hustad og Ronny Haugen.
Først eit par foto frå turen oppover.
Jakob på veg oppover. Fingeren til venstre. Rariteten Sylen opp til høgre.
Ok -før ein når skaret nord for Fingeren har ein nok fått opp temperaturen.
Det var i alle høve ingen synlege teikn til flakskred på turen opp, men det hadde gått ein del mindre solfonner i 7-800 meters høgde.
Så, etter ei kort pause i skaret, var det berre å få fellane av skina og svinge seg ned til vegen igjen. Fotoa talar vel for seg sjølv.
Helge er ikkje plaga med skorpesnø han heller.
Og så takkar vi for turen med dei to siste. Klikk på alle foto for å få ei i stor versjon.
Ronny Lill og Sylen pluss Helge
Og så quizen. Kva heiter fjellet under?
Kommentarar
Bilete frå ei flott nedkøyring, føret såg overraskande bra ut.