Biletet tok eg på Sæbø ein laurdag ettermiddag tidleg på 60-talet. Det var fjøre sjø. Halvard Urke ryggar ombord i "Sosnebben" med ein lysegrøn nase-Mercedes. Han har nok vore på Holen Sandtak og henta sand eller grus.

Lasset var nok ikkje tungt etter dagens målestokk, men etter kvart som han rygga bakover, stakk baugen på ferja djupare og djupare. Røyken frå skorsteinen viser at her er det full fart framover. Propellen piska sjøen kvit, halvvegs som ein flypropell og gjorde lite nytte som framdrift.  Det var kjettingane mellom kaia og ferja som heldt slik at bilen gjekk rett til botns.

 

Overlast

 

Dagens quiz: Kva er namnet på ferja som på folkemunne heitte "Sosnebben" ?

Den tida kunne det ikkje vere strenge reglar for last og overlast.  Halvard kan fortelje at lastebilen måtte stå midt på dekk viss ikkje ferja skulle legge seg over på sida.

Skipperen, John Vadset, sa det slik at det var ikkje noko problem å krysse fjorden så lenge det var smul sjø. Det var same teknikken som når ein sykla og det måtte skipperen kunne når det var tunge lass ombord. Maskinist, billettør og matros, Jarle Strandmann, slapp nok ikkje til ved roret når tilstanden var slik.

Korleis veit eg at det er laurdag? Jau, eg kjenner igjen den lyskledde karen med ryggsekk framom rorhuset. Det er Olav Norangshol som skal heim til helga. Han arbeidde som linjemontør og elektrikar på Sæbø, men reiste alltid heim til Norangdal i helga. Og helga tok til laurdag etter arbeidstid, den gongen.

Eg trur eg sto på galgedekk på kommunebåten "Stålberghorn" og tok biletet.

Vi veit namnet på skipper, mannskap, sjåføren på lastebilen og ein av passasjerane, men veit DU kva som var det rette namnet på "Sosnebben"?