La no det vere sagt med ein gong - Ståle Aklestad, eller Ståle Johan som han heiter på offisielt - er ein usedvanleg hyggeleg herre, men vi treng nokre fakta:

Namn:         Ståle Johan Aklestad
Alder:          29
Sivilstand:    Singel
Bustad:       No Aklestad, 6165 Sæbø, men snart Molde
Udanning:    Lærar og no også Cand. theol.
Yrke:          På søndag vert han prest
Interesser:   Mangt og mykje, men akkurat no skigåing.

005
Søndag vert Ståle prest, eller ordinert som det heiter, i heimkyrkja si på Sæbø

Før vi går inn på yrkesvalet til Ståle må vi ha nokre kjappe spørsmål.  Men først må det nemnast at han sikkert er Hjørundfjorden sin kjappaste frå tind til tare - med ski på føtene.

- Fjord eller fjell? 
- Umogleg å svare på, men akkurat no fjell.

- Sommar eller vinter?
- Vinter

- Breie eller smale ski?
- Sjølvsagt begge delar, men må eg bestemme meg for eitt par må det bli breie - minst 125 mm på midten.

- Mannlege eller kvinnlege prestar/biskopar?
- Lite aktuell problemstilling mellom nyutdanna teologar.  Vi treng sjølvsagt begge kjønn.

- Kyrkje eller bedehus?
- Kyrkje 

Søndag, søndag klokka 11, vert det altså ein stor  dag i Hjørundfjord kyrkje.  Rolf Dyrhol vert innsett som ny prest i Hjørundfjorden, men først og fremst skal Ståle ordinerast som prest.  Det kjem prominente gjestar på rekkje og rad, men den mest sentrale er nok biskopen vår, Ingeborg Midtømme. Det er ho som vert sermonimeister, men det er Ståle som skal ha hovudpreika.

-Ståle, vi hjørundfjordingar har etter kvart blitt vande med heller lange preiker.  Eg reknar med at du allereie har di preika  klar så kor lang vert den?

- He, he... eg skjønar.  Ja, det er nok rett at preika mi stort sett er ferdig, men eg er ikkje så oppteken av at den skal vere ei viss lengde.  Det viktige er at du får sagt det du vil frå talarstolen, thats it, og så går du ned att derifrå. 10, kanskje 15 minutt får halde.  Det er kort og godt viktig å stoppe i tide.

Ståle har ikkje lagt planar så langt framover, men no reiser han opp til Molde og eit halvt års vikariat i Molde Domprosti.  Ståle meiner at det var naturleg for han å søkje seg hit i all den dag han var knytt opp mot Møre bispedøme under utdanninga si. Vert vikariatet forlenga seier han nok ja til ei periode til, men kva som skjer vidare veit han enno ikkje for, som han seier: - Det er nok av ledige prestestillingar i Noreg. Men han strekar under at det er prest han no vil verte sjølv om han sikkert kunne ha fått seg anna arbeid også.

- Du Ståle, vi høyrer framleis uttrykk som liberale og konservative prestar.  Kan du seie noko om dette?

- No likar ikkje eg å kategorisere korkje folk eller prestar. På nokre områder er vel eg for min del liberal og på andre områder meir konservativ.  Men Ståle strekar under at han er svært glad for alle spedbarn (og vaksne) som kjem til dåpen.  Dette gjeld same om foreldra ikkje er i lag lenger, er sambuarar eller er gifte. Ståle er altså ikkje imot at sambuande par, men aller helst ser han sjølvsagt at dei kjem og gifter seg.  Ståle har enno ikkje fått lov til å vie sitt første par, men når søndagen er over er han klar.  Han  trur forresten at mange brurer også er klare berre kavalerane kjem seg til å frie.

Og kva med statskyrkja?

- Når skal eg ikkje seie noko om, men slik utviklinga no har blitt, ser eg det som best at Stat og kyrkje skiljer lag.

007
Ståle i gyngestolen?

- Ståle, eg veit at du ikkje likar at eg seier det, men du er kjend som eit råskinn i fjellet.  Rykta går om at du har hoppa ut for knausar, men dine breie ski, på minimum 10 meter høgde...

- Kan eg få sleppe å kommentere det?

.... at du snart ikkje bryr deg med å svinge når du renn ned att t.d. frå Grøtdalstinden osb., alt dette vert det vel slutt på no?  Ein prest kan vel ikkje drive med slikt for ein prest skal vel sitje i gyngestolen om han får litt tid til overs?

- Nei, det kan eg love - eg kjem ikkje til å slutte med å stå på ski, slutte med å bruke fjella våre sommar som vinter.  Den tanken tenkjer eg ikkje ein gong.  Eg nemnde at tilknytninga til Molde og Møre bispedøme var ei viktig årsak til at eg søkte meg til Molde, men det var også Romsdalsfjella.  Men Ståle har sine røter i Bondalen og Hjørundfjorden same kva som skjer i åra framover.  Han kjenner seg knytt til både landskap og folk og mest truleg vil vi nok sjå signaturen hans i snøen ned frå både Lissjedalshornet og Grøtdalstinden i åra framover.

- Var det søndag den 17. januar klokka 11 i Hjørundfjord kyrkje du sa, Ståle?

- Akkurat og eg vil setje stor pris på om alle som les dette tek seg tid til ein tur i kyrkja.  Og etterpå er alle hjarteleg velkomne til kyrkjekaffi.

Lykke til