Den gong og no...

Når vi les om toppturane på Portalen som dagens sprekingar gjennomfører, får vi ei kjensle av at å kome "dragande" med ein prestasjon for 66 år sidan, ikkje heilt er nemnande. Men skilnaden på då og no til dags er stor. Først og fremst må vel utstyret ha stor betydning. Dessutan var det ikkje så mange som var så opptekne av å kome til toppane den tida. Kvardagen hadde nok med sitt strev. Eg overlet til andre å kommentere både utstyret og prestasjonen i dag i høve til 1944.

Vi har lese om Knut Hustad som kan rekke ein topptur mellom fjøstida om morgonen og skuleslutt på Sæbø ungdomsskule. Slik var det i alle fall ikkje då.

Det kunne like gjerne vere Laurits Leknes som fortel om denne turen, men sidan Ole Rønning var intervjuobjekt i "Møre-Nytt", overlet eg ordet til han:

Ole Rønning 003

Ole Rønning nærmar seg 91 år, men er framleis sprek og har ønskje om å få oppleve toppen av Stålberghornet nok ein gong ..

Lang dags ferd mot natt

-Det var i påska 1944 nokre av oss Leknesgutane fann på at vi skulle ta ein tur i Urkedalen på ski. Enok, Jens, Laurits og eg utstyrte oss med ski og vi rodde til Urke. Vi var innom sætrene framme i dalen og Jon Håndlykken ville vere med vidare.  Veret var fint og freistinga om å prøve seg på Slogen grodde fram etter kvart.

- Utstyret den tida var ikkje det beste på slike turar og det var det ingen i bygda som hadde høyrt om at nokon var så galne at dei kunne få tankar om å gå på Slogen på vinterstid. Vi brukte heimelaga ski av rogn, dei var sterke, men tunge som bly. Dei vart både vindskeive og vanskelege å halde styringa på. Bindingane var enkle greier med lerreim og strammespenne bak ved hælen. Skismurninga var kokt heime i grua i kjellaren av tjøre, stearinlysstubbar og i heldigaste fall ei kassert grammofonplate. 

Målet for turen Fo J.Halland

På veg framover Langsæterdalen mot Slogen . Foto Jogeir Halland

- Vi var godt kjende med terrenget på Slogen frå sommarturar. Takka vere det strålande veret og kulde, var det ikkje mykje som kunne stoppe denne målbevisste ekspedisjonen. Dei siste meterane måtte vi krabbe på alle fire, elles var det ikkje noko dramatikk å snakke om. Vi har på toppen i halv fem-tida.

- Nedturen skulle gå unna i ein fei, men der forrekna vi oss. Veret slo om og nede i dalen var det mildver og våtsnø. Så vi måtte gå steg for steg på klabbeføre resten av heimturen. Først i halv tolv-tida var vi ved båten i Urke-støa og så var det berre å ta fatt på siste ro-etappe heim til Leknes.

Så langt Ole Rønning sin korte og enkle versjon av turen - fullt ut i samsvar med Laurits Leknes sin versjon i fjor vinter.

Andre skal få vurdere denne prestasjonen samanlikna med dagens toppturar. Dette var før mobiltelefonen si tid. Skal tru kva foreldra til gutane tenkte då dei ikkje var heimkomne til midnatt?