Dei to legestillingane som var nærmast umogleg å få søkjarar til for ei tid sidan, har no fått fast tilsette og kvalifiserte legar. Dette er gladmeldinga helseleiaren i Ørsta kommune kunne offentleggjer til oss i dag.
At Sjur Reinertsen vart midlertidigt tilsett i August og har funne seg godt tilrette i arbeidet i Hjørundfjorden, har ein samanheng med at Vartdal også no har fått seg lege.
Ein medverkande årsak til at Sjur søkte vidare på fast tilsetting, var at han fekk overtale sin gode kammerat frå Bergen, Håvard Ramsli, til å søkje på legestillinga på Vartdal. Håvard Ramsli er utdanna lege og er 33 år og opprinneleg frå Sunnmøre og kjenner godt til distriktet. Han vart også tilsett i fast stilling på Vartdal i går.

Det skulle vel ikkje være i tvil om at damene på Hjørundfjordheimen likar og gjerne vil at lege Sjur skal fortsette som lege i Hjørundfjorden, når ein ser kva som står på denne spesialbestilte koppen til han. (foto Hjørundfjordheimen)
Men kor lenge desse to legeheimlane i dei to distriktlegestillingane for Ørsta kommune får ha sin arbeidsplass på Sæbø, Bjørke og Vartdal, ligg i politikarane sine hender- seier helseleiar Frode Urke. Vi i administrasjonen har berre med å gjere det som kommunestyret bestemmer og eg vil håpe at det vert snarast klare retningslinjer å halde seg til, for desse to nye legane.
- Kjenner du til om Reinertsen vil busette seg på Sæbø?
- Han skal få tilbod om å bu i dokterhuset på Sæbø dersom han ynskjer det, men etter det eg forstår så må det avklarast om kona får seg jobb her i distriktet. Kona også er legeutdanna og er ferdig med turnustenesta i Volda no til våren, og då må nok dei to sjå seg om etter ein ny stad og bu.- avsluttar Frode Urke.
Forma steig! (20.01.2010 kl. 14:45)
Bra at den hyggelege legen vår vert verande. Eg håper at han slit ut mange skipar før han reiser herifrå.
Så til Synnøve Hill. Eg har knapt lese eit meir velformulert innlegg enn det som stod på trykk i Møre Nytt. Eg trur du er like viktig for oss no som då du var medlem i kommunestyret. Fortsett som du stemner. Både lokalt og for sjukehuset i Volda!
Knut Riise
Gladmelding (20.01.2010 kl. 14:32)
I lang tid har eg gått her og planlagd eit "Harmdirrende" innlegg i Møre-Nytt, om den elendige styringa i Ørsta Kommune. Det siste var ein småsjef (det er der mange av) som hadde "gløymt" å ordne med vikar for doktoren vår.For meg vart resultatet at eg måtte køyre til Ørsta legesenter der kona mi hadde fått time kl.ll Men ho måtte vente ein heil time ekstra før ho fekk kome inn til legen.
For meg er alle desse like viktige: Hjørundfjord doktoren,Volda Sjukehus og St. Olavs Hospital.
Og so kom gladmeldinga om fast tilsett doktor i Hjørundfjorden.
Takk og takk til alle som har jobba for dette ! Velkomen Reinertsen !
Bjarne Hustadnes
Eg vil minne om.. (20.01.2010 kl. 13:59)
at dette er berre fyrste slaget som er vunne. Anbefaler sterkt at det opne brevet frå Synnøve Hill, til varaordføraren, vert lesen skikkeleg. Hovden gjekk ut i MN laurdag og gav til kjenne sitt syn om at desse stillinga ville og det er gjort vedtak på å overføre til det nye legesenteret i Ørsta. Skulle politikarane bestemme noko anna så må satsinga i Ørsta revurderast.
Alt ligg i hendene på politikarane no om desse to distriktlegestillingane skal bestå. Eit av argumenta for at desse legestillingane måtte flyttast til Ørsta, har vore at ingen ville søkje på stillinga ut i distrikta og no er det motbevisst med at der er legar som er tilsett.
Om her må organiserast fakkeltog for å vise vårt syn før kommunestyret behandlar saka, så må bygdene ta seg tid til det!
Viss ikkje folk viser at dette er svært viktigt for oss så er det fare for at om ei tid er kontoret på Sæbø nedlagt. Ingen politisk vedtak må gjerast uten at alle politikarar er klar over kva dei er med på å bestemme.
Sentrum har ikkje sans for at ein lege skal sitte bort på Sæbø når dei treng han i Ørsta!
Ivar Svein Mo
Gladmelding !!! (20.01.2010 kl. 13:14)
Dette var ei skikkeleg gladmelding for folket i heile hjørundfjorden. Kjempeflott at vi har fått lege i fast stilling. Bondalen Helselag ynskjer Sjur Reinertsen lykke til i jobben.
Janneche Myklebust
Godt jobba!! (20.01.2010 kl. 02:04)
Sitte no på nattevakt (i heimesjukepleia) her i Bergen og registrerar at Hjørundfjorden har fått sin nye lege i fast stilling. Synest det er kjempe godt jobba av alle partar. Endelig kan eg være sikker på at alle dei eg er glad i, får all den hjelp dei måtte trenge når dei treng det:)
Emil Riise
Flott! (19.01.2010 kl. 23:15)
Kjempeflott at Reinertsen har fått tilbod og takka ja til stillinga. Dette var eit viktig tiltak for innbyggjarane fjorden!
Sjølv om eg har flytta (heilt) til Ørsta, har eg framleis fastlege på Sæbø og vil halde fram med det. Ser ingen grunn til å ikkje kunne ta turen til sæbø for eit legebesøk (og middag hos mor). Køyringa tek eg inn att i "normal" ventetid på legesenteret i Ørsta..
Monika Riise