I helga hadde Fred Ingar (Somby) og eg bestemt oss for å ta ein skitur på Koppefjellet frå Aldalen, men då vi kom opp dit oppdaga vi at noko vesentleg mangla, nemleg snø. Etter kvart bestemde vi oss for å prøve oss på Sandhornet, eit fjell som kanskje kjem noko i skuggen av Saudehornet, men som likevel er eit godt synleg fjell mot nordaust frå Ørsta sentrum.

Starten måtte verte frå Follestaddalen i all den dag vi meinte at vinden hadde vore mildast/snillast mot snøen på nordsida av også dette fjellet.  Vi parkerte ved Foldal Sag AS i Follestaddalen, gjekk opp (mot vest) gjennom ein granskog, over ein bøgard, litt etter- og over ein skogsveg og snart var vi oppe på Fyldalsheida. Omtrent ved skoggrensa passerte vi ei lita hytte, eller var det eit sel?

001 (2) 002 (2)
Vi starta frå Foldal Sag AS og som vi ser kan sagbrukseigar Lars Inge Korsfur også å lage skikkelege bøgardar.

I starten måtte vi som nemnt gå gjennom ein del granskog, men det var nok snø til både å gå oppover på ein skikkeleg måte og ikkje minst renne ned att på same stad.  Men pass på å ha slalombrillene på når du køyrer i planta skog.

006 - Kopi
Her er vi på Fyldalsheida omtrent ved skoggrensa - ikkje langt ovanfor ei lita hytte eller eit sel. Raud strek markerer der vi gjekk opp, blå strek der vi rann ned.  Stipla strek betyr at vi rann ned på baksida (nordvestsida) av Sandhornet sett herifrå.

Det skulle vise seg at vinden hadde herja med snøen også her - i fjellsida mot aust der vi gjekk opp.  Det var likevel så mykje snø at vi for den del kunne ha gått med skia på heilt opp, men snøen var delvis så hardpakka at vi tok dei av og gjekk siste strekninga opp med skia festa på sekken.

_IGP5717b
Også Sandhornet har ei egg - på nordsida.  Foto:  Fred Ingar Somby.

014 - Kopi
Foto frå toppen mot nord.  Rett til høgre for hovudet til Fred Ingar ser vi fjellet Kjerringa.

Toppområdet av austsida av Sandhornet var altså mykje hardpakka og avblåst, men i vestsida låg snøen godt og det var ingen problem med å renne ned frå toppen.  Det vart ein fin tur ned att til Follestaddalen sjølv om eit tett skydekke ikkje gjev den beste sikta.

015 - Kopi 017 (2)
Klar....                                                                   Ferdig....

018 (2)
Gå!                Det er sjølvsagt Ørsta vi ser nærast og Voldsfjorden i bakgrunnen.

028 - Kopi

_IGP5727b
Dei fleste skikøyrarar likar seg best i område som er mindre bratt enn ca. 30 grader - som her på dei to siste fotoa.

Turen opp på Sandhornet kan så absolutt tilrådast og i skrivande stund snøar det i alle fall her eg bur i Bondalen.  Og då er det ikkje berre kraftverka som gler seg. :-).

I skrivande stund ligg han der turkameraten min sikkert på ei strand i Thailand.  Så trass i nysnø kjem det nok ikkje nokon toppreportasje frå Fred Ingar den næraste framtid - det må i så fall vere ein bølgjetopp.  Likevel - eg legg ved eit foto til slutt for at ei mor heime i Alta skal sleppe å uroe seg.

022 (2)
Som du ser, Fred Ingar-mor, det gjekk bra. :).