sekreteriat

Sekreteriatet må vere i orden, det er viktig. Ann-Elin deler ut raude kort til dommar Lars. Berre sånn for sikkerheits skuld. Vi har sett på tidlegare kampar at dette er ein viktig farge! Spesielt Hanne har fått erfare det..
Martin overvåkar det heile mens Tiril har fått den viktige oppgåva som skrivar.

Liv Grete var både søster og Sæbø/Åmdal spelar og tilslutt hadde vi 10 ”syste” og vi var fornøgde med det!

syste

Neste problem var at vi kune stille med berre ein trenar og han velgde systene!!

Jaja, så fekk Anette vere lagleiar for Sæbø/Åmdal, og det såg i byrjinga ut som om ho hadde full kontroll.

1

Kampen starta jamnt, men så skjedde det eit eller anna utanfor lagleiar Anette sin kontroll. Systrene leia med 9-4 og Sæbø/Åmdal sine målsjansar vart sette enten utanfor eller rett på målvakta.

8

Då var det på tide med ein time-out og ein alvorsprat! Etter denne jamna kampen seg ut og laga kunne gå til pause med uavgjordt 11-11.

 7

Fin passning til Malene som kunne sette ballen i nettet!

20

Mål snart?

3

Malene er klar til skudd, Liv Grete klar til redning men Benedicte ville ha ballen..

4

og snappa den fint. Desverre for henne såg dommarane det..

6

Else Marie hadde mange fine "pådrag" og/eller

5

"gjennombrudd" eller kva det no heiter.

16

Rakel og Benedicte med eit fint grep om Liv Grete som VILLE ha mål!

2

Torill er klar!

 elisabeth

Mange flotte redningar av Elisabeth!

Etter pausa heldt kampen seg jamn med eit lite overtak til Sæbø/Åmdal. 

17

Mot slutten av kampen tørna Benedicte og Malene saman med streng beskjed frå dommarane om at ”sånn kan dei gjere frå seg heime”.
Eva vart litt usikker men på kva ho skulle gjere, men då systrene etterkvart kom seg på beina og attpåtil lo, kunne vi alle tekke pusten og konsentrere oss om dei siste 6 minutta!

18

Emilie, mari og Rakel i farta, men balle er det Aina som tar..

11

Malene set sikker nesten 100% av straffene i mål!

21_edited-1

Vi ser Benedicte, Marthe, Aina, Eva og Malene i ein slags tango, Rakel og Liv Grete i beredskap, dommar Lars Øie, Else Marie, Elisabeth, Karoline og Torill.

Kampen enda tilslutt  27-27 og ein siger for husfreden!

 

me

Bak f.v. "Systene" Rakel Bjørdal (3), Karoline Eikås, Benedicte Aambakk (8 + 2 straffer), Runa Vike, Emilie Skjelle (4), Eva Haugen Øye (1), Susann Takseth (6), Merete Romestrand, Mari Kvien (2), Elisabeth Brekke(1), Lars Øie og Jonas Gjersdal.
Framme f.v. Malene Aambakk (10 + 3), Elisabeth Skogen, Anette Mork, Torill Haugen Øye (1 + 1), Aina Opsal Bakke, Hanne Stokke, Karen Ose Lid (1), Liv Grete Stokke (5), Else Marie Stokke (4), Marthe Takseth (1 str.), Synnøve Eikås (1), Sara Konstanse Årseth og Kathrine Brekke.

Dommarar var Lars Øie og Jonas Gjersdal.

14

Publikum har vi også og Stine Bjørndal Aarflot er på plass og filmar kampen!

Godt nyttår til små og store handballvenar!