Ein ny quiz må til. 10 toppar/fjellformasjonar denne gongen også.  Kanskje er denne quizen litt meir for spesielt interesserte, men også denne skal det vere fullt mogleg å løyse.  Dei har nok ein fordel dei som er innom hjorundfjord.no av og til - men kven er ikkje det???

Kanskje er det litt vanskeleg å kome med eit heilt presist namn på alle toppane/formasjonane, men i så fall kan de kome med ei lita forklaring.  Er det nokre som har opplysningar i tillegg til namn, er det svært så hyggeleg. 

Den som kjem raskast med 10 rette får hjorundfjord.no- t-skjorte.  (Ikkje over Large).

IMGP0615 542 - Kopi
Foto 1                                                                       Foto 2

IMG_3852 IMGP2264
Foto 3                                                                      Foto 4

019[1] 394
Foto 5                                                             Foto 6

IMGP2379 DSC00173
Foto 7                                                                     Foto 8

Knut IMGP5018
Foto 9                                                                         Foto 10

Legg igjen rett svar her:  knut.hustad@tussa.com  (Evt. i kommentarfeltet om du er sikker på at du har alle rett. ;).

                                ---------------------

Originalfoto og rette svar.

Diverre litt seint, men her kjem først dei rette svara på dei 10 fjella/fjellformasjonane:

IMGP0615 - Kopi 542 - Kopi
Foto 1: Lisje Brekketind                                Foto 2: Klovtinden (Sørtoppen. Foto frå sør)

IMG_3848 040 - Kopi
Foto 3:  Nordre Sætretind                                        Foto 4:  Nesstaven

019 393 - Kopi
Foto 5: Bjørkehornet                                                  Foto 6: Sylen (Omtrent midt på)

IMGP2379 - Kopi 166
Foto 7: Geithornet. Langseterdalen og Slogen ligg utanfor biletet til høgre.  Fotopunkt: Haukåssetra, Urke.  Foto 8: Skårakongen - og då tenkjer eg på fjellformasjonen i bakgrunnen, jfr. artikkel frå Herrane Helseth/Wåge.

Knut IMGP5018 - Kopi
Foto 9: Kanonløpet.  Men formasjonen kan også heite Peikefingeren opplyser Helge Standal.  Foto: Fred Ingar Somby.   Foto 10:  Giganten. Dette området med Bladet, Giganten, Kanonløpet, Holtanna osb. er kort og godt eit eldorado for kven som helst.

Det var utan tvil foto 5 og 7 som laga mest problem.  Dei andre gjekk heller greit.  Og kven vart så vinnarane?  Den som brukte mykje tid på quizen - særleg på dei to nemnde toppane, var svigerson Fred Ingar Somby.  Men han erklærer seg inhabil og her er underteikna samd.  T-skjorta, den siste i L, går velfortent til Helge Standal. T-skjorta ligg i bilen min og han får den snart. Det er berre å gratulere.