Ein ny quiz må til. 10 toppar/fjellformasjonar denne gongen også. Kanskje er denne quizen litt meir for spesielt interesserte, men også denne skal det vere fullt mogleg å løyse. Dei har nok ein fordel dei som er innom hjorundfjord.no av og til - men kven er ikkje det???
Kanskje er det litt vanskeleg å kome med eit heilt presist namn på alle toppane/formasjonane, men i så fall kan de kome med ei lita forklaring. Er det nokre som har opplysningar i tillegg til namn, er det svært så hyggeleg.
Den som kjem raskast med 10 rette får hjorundfjord.no- t-skjorte. (Ikkje over Large).
Legg igjen rett svar her: knut.hustad@tussa.com (Evt. i kommentarfeltet om du er sikker på at du har alle rett. ;).
---------------------
Originalfoto og rette svar.
Diverre litt seint, men her kjem først dei rette svara på dei 10 fjella/fjellformasjonane:
Foto 1: Lisje Brekketind Foto 2: Klovtinden (Sørtoppen. Foto frå sør)
Foto 3: Nordre Sætretind Foto 4: Nesstaven
Foto 5: Bjørkehornet Foto 6: Sylen (Omtrent midt på)
Foto 7: Geithornet. Langseterdalen og Slogen ligg utanfor biletet til høgre. Fotopunkt: Haukåssetra, Urke. Foto 8: Skårakongen - og då tenkjer eg på fjellformasjonen i bakgrunnen, jfr. artikkel frå Herrane Helseth/Wåge.
Foto 9: Kanonløpet. Men formasjonen kan også heite Peikefingeren opplyser Helge Standal. Foto: Fred Ingar Somby. Foto 10: Giganten. Dette området med Bladet, Giganten, Kanonløpet, Holtanna osb. er kort og godt eit eldorado for kven som helst.
Det var utan tvil foto 5 og 7 som laga mest problem. Dei andre gjekk heller greit. Og kven vart så vinnarane? Den som brukte mykje tid på quizen - særleg på dei to nemnde toppane, var svigerson Fred Ingar Somby. Men han erklærer seg inhabil og her er underteikna samd. T-skjorta, den siste i L, går velfortent til Helge Standal. T-skjorta ligg i bilen min og han får den snart. Det er berre å gratulere.
Kommentarar
Ei t-skjorte kan enno vinnast, er det eit foto du er usikker på så berre svar likevel. Rette svar vert gjort kjende om ikkje så lang tid.
heiter, Knut.
I alle høve gjekk det over min forstand.