Hjørundfjordportalen har vore i kontakt med helseleiar Frode Urke om kvar folk får hjelp når dei treng lege desse to vekene, og han må berre beklage at hjørundfjordingane vert utan fastlege i perioda 18.01-31.01.10 Dette gjeld også for Hjørundfjordheimen.

At Sjur Reinertsen skulle ha vinterferie var nok ikkje uventa og noko urett i, men diverre har det ikkje vorte ordna med vikar på Sæbø og Bjørke legekontor i denne perioda. Dette beklager eg, seier helseleiaren og garanterar samtidigt at ingen skal lide medisinsk naud av noko slag. 

Ved akutthjelp ringer ein  LEGEVAKTA Tlf 700 48060 eller nødhjelp 113.

Ved småhende som ikkje kan vente til Sæbø legekontor opnar att for timebestilling, kan ein henvende seg til daglegevakta i Ørsta. Dette kan til dømes  være helsesjekkar og mindre problem som feks. ein resept som må fornyast. Det same gjeld også for Hjørundfjordheimen.

Telefonnummer til Ørsta Legesenter er 70048050