På Langsætra for 70 år sidan

I dag vil eg presentere eit bilete frå Langsætra – sætra som har gitt namn til Langsæterdalen søraust for Urkebygda. Langsætra ligg om lag 6 km frå bygda og var (og er) utan veg, berre ei rås for dyr og gåande. Frå sætra kan ein velje å gå vidare til Brunstad i Sykkylven eller til Patchellhytta øvst i Habostadalen og vidare til Stranda.

I julenummeret  av ”Møre-Nytt” vart dette biletet brukt i samband med artikkelen om Ole B. Rønning som m.a. arbeidde på Stenes i sju år som dreng. Men det mangla namn på personane.  Berre han som var der, men som ikkje fekk vere med på biletet, (fotografen sjølv)  var den einaste som var nemnd.

Urkeungdom på sætra Foto Ole

Motivet er frå Langsætra og det er ”gutahelg”.

Framme frå v.:      
Knut Stennes. Synnøve Håndlykken, g. Slettedal, Ester Leknes, g. Urkegjerde, Marta Urke, g. Kongshaug.
Bak frå v.:
Anna Urkegjerde, g. Maude, Petra Urkegjerde, g. Rønning, nr. 3 er ukjent, Olga Urke, g.Leknes, Magda Urke, g. Orvik, Gudrun Urkegjerde, g. Sætre, Enok Leknes, Ingebrigt Berg, frå Skodje, Jens Leknes, Sigvart Urke, Karl Leknes og Ansgar Urkegjerde.  
Foto: Ole Rønning  
(Klikk gjerne på bilete for å få det i stor utgåve!)

Ole opplyser at han tok biletet i samband med at det var ”gutahelg”. Då var ungdom frå bygda velkomne til sæters og sætrejentene oppvarta med åfalleringe og andre godsaker. Vi undrar oss ikkje så lite over antrekket med kjolar og kvite skjørt. Ei av jentene har langbukse. Ingebrigt Berg kan fortelje at han, saman med nokre andre av gutane på biletet, tidlegare på dag hadde vore på Smådalstindane (Regndalstindane) og avrunda fjellturen med ein times omveg til Langsætra. Dei andre av gutane stiller med kvitskjorter og nokre har til og med slips.

Etter intervju med Ole sjølv, Ruth Torvik, Sverre H. Urke og Ingebrigt Berg, er resultatet klarlagt. Spørsmålet i overskrifta (på rotekte Urke-dialekt) let seg høyre fleire gonger før namnegranskinga var fullført.

Ole kjøpte seg i 1939 eit kassa-apparat (fotografiapparat forma som ei lita kasse) for 10 kroner – ti dagløner (ei kr. pr. dag!) for drengen. Ole har framleis fotografiapparatet. Ole tidfester biletet til eitt av dei første krigsåra, 1940-42. 

 Kassafotoapparat

Slik såg eit kassa(foto)apparat ut. Ingen innstillingar. Linse i midt i fronten. Ville ein ha biletet på høgkant, heldt ein ein apparatet på kant (slik det står her) og titta i søkjaren th. for reima. Elles brukte ein søkjaren som er synleg på venstre sida av kassa og heldt apparatet i flat stilling. Framtrekkskruen nedst på sida.