Den nye soknepresten Rolf Låge Dyrhol vert innsett  i teneste i Hjørundfjord prestegjeld. Dette vil skje i starten av gudstenesta.

Deretter går ein over på ordinasjon av Ståle Johan Aklestad som er oppvaksen på Sæbø.

IMG_2749_2200x200
Rolf Låge Dyrhol har takka
ja til stillinga som prest i
Hjørundfjord og Storfjord
sokn!

Biskopen i Møre Ingeborg Midttømme skal stå føre ordinasjonen. Det fyljer ein eigen liturgi med ei ordinasjonsgudsteneste, så dette vert ei spesiell oppleving også for kyrkjelyden.

Det er 27 år sidan Reidar Standal vart ordinert til prest i Hjørundfjord kyrkje, så dette er ei svært sjeldan handling. Prost Evy Kvamsdal kjem, frå Molde domprosti kapellan Grete Lystad Johansen, studentprest Elsa Stokka og Asmund Norheim. Etter gudstenesta vert det ei samkome på Bedehuset, der alle er velkomne så langt plassen rekk. Der vert det  mat, musikk og helsingstalar.

 e.t