Det er nærast ein raritet, som bestemor brukte å seie, å sjå ein spark etter vegane no for tida - i alle høve er det ei stund sidan gamlesparken på Kvia har vore i bruk.  Men i dag, 1. nyttårsdag, fekk snart fire år gamle Jenny, med litt hjelp frå pappa Kjell-Johan, sparken ned frå løebetane.  Og tru det eller ei - sparken virka.

027

Snart fire år gamle Jenny (Elstad Aarseth) har fått gamlesparken til oldefar Johan Aarseth ned frå løebetane.  Men det er nok tryggast om pappa (og julenissemakar) Kjell Johan (Aarseth) styrer.

Gamle sparkar er sjølvsagt best, i alle høve for vakse folk.  Likevel hadde Kjell-Johan litt problem med å halde sparken på rett plass på vegen.  Med åra hadde nok sparken blitt litt vindskreiv.  Likevel, dei hadde det utan tvil kjekt familen Elstad Aarseth på sparken i morgontimane i dag.

035
Enno har ikkje Kjell-Johan fått opp toppfarta, vi ser at Tango er i leiinga, men berre vent...

038

Men no aukar tempoet.  Jenny har også fått plass til mamma Anne Elstad på sparken. Litt tidlegare på dagen var også minstemann Johannes på eitt og eit halvt med, men han hadde teke seg ein middagslur på dette tidspunktet.

041

Og her er toppfarta nådd og Tango er i ferd med å verte teken att, men går det mot kollisjon?

Det gjekk fint til slutt og Jenny har også energi att til leik i snøen saman med Tango.

042