Sju store svaner spaserte fint på vegen sist Søndag kl. 14.00, då Randi og Helge kom køyrande. Fuglane var heilt rolige og dei tok seg god tid og eit foto vart det også av dei.

Sangsvaner 240110

Sju store og elegante fuglar. Dei grå er ungfuglar, og ein kan lure på om det er  to foreldrepar som er ute og luftar dei unge på ein søndag eller om dei har teke ein liten kvil på turen, sørover frå Finnmark?

-Om dette er noko storhende er det vel ikkje, men utruleg artigt og eit flott syn, seier dei to. Truleg er det Songsvaner sidan dei var så store med gult nebb og rett hals

I eit oppslag på nettet om svanene, finn vi at voksne Songsvaner har ei helt kvit fjørdrakt og blir normalt omkring 140-160 cm lange. Vingespennet er cirka 205-235 cm og vekta 8-15 kg. Det er ikke lett å sjå forskjell på kjønna. Ungfuglane har grå fjørdrakt og lyseraudt nebb. Både når dei flyg og sym kan Songsvanene gje frå seg kraftige trompetaktige lydar. Songsvanene skil seg frå knoppsvanene på det gule nebbet og ein rettere hals.

I Norge hekker dei helst i Finnmark og Troms, men enkelte hekkande par har blitt observert så langt sør som i Østfold. Utover hausten blir dei ofte værande på hekkeplassane til isen legg seg. Då trekker dei sørover og overvintrar langs kysten av Sør-Skandinavia, Danmark og Nord-Tyskland.

-Det hadde vore artigt å høyre om det er nokon andre som har sett fuglane og om nokon kjenner til om fuglane har fast tilhaldplass her på våre kantar.

-Vi er heller ikkje heilt sikre på om det er Songsvaner, seier dei to.